Reguleringsplanen for Langeland – Tryggestad med manglar

Naturvernforbundet er framleis ikkje nøgd med dei naturfaglege kvalitetane i utforminga av reguleringsplanen for Langeland – Tryggestad i Sunnylven i Stranda kommune.

Reguleringsplanen har nyleg vore på høyring.

Naturvernforbundet har sidan førre runde i saka registert som positivt at nokre store myrområde utan inngrep no ikkje er med i areal som skal byggast ned. Vidare er det eit betre grep om den næraste sona langs elva og langs den Trondhjemske postveg. Desse areala bør få eit reguleringsføremål så ein ikkje kan kome i skade for å ta av dei ved «mindre vesentlege reguleringsendringar» seinare.

Ein gong i framtida, når klimaomsyn tvingar oss, vil nok dette med kollektive løysingar bli meir aktuelle. Ei god tilrettelegging for gangtrafikk til ein kan nå i bussløysingar langs hovudvegen er difor eit heilt vesentleg moment når det gjeld infrastruktur.

Elles har vel Stranda kommune truleg ein klimaplan. Der bør det stå at ein i samband med reguleringplanar bør undersøke om ein kan forsterke krava til effektiv energibruk. Dette bør vere like så naturleg at ein tar med som at ein meiner noko om kva slags farge ein kan måle husa med. Vi er elles samde i at dette lite truleg er noko fjernvarmeprosjekt. Men det finst jo andre moment. Som at hytter bør byggast på ein slik måte at det ikkje er nødvendig å ha varme på i meir enn ein liten»sentral» når det er vinter og hytta ikkje er i bruk

Det er sagt at det ikkje er priorterte naturtypar i reguleringsområdet. Det kan tyde to ting:
– Området er undersøkt og det er ikkje funne prioriterte naturtypar innafor reguleringsgrensa.
– Området er ikkje undersøkt.

Viss det første er tilfellet, er spørsmålet avklara. Viss ein ikkje veit om området er undersøkt, er dette ein vesentleg mangel som vi må be om blir avklara og utbetra.

Når det gjeld taigaspissmusa er vi samd i at gode belte langs elvekantane truleg er bra for denne arten. Taigaspissmusa er oppført på raudlista med DD, det vil seie ein art ein ikkje veit nok om til å kunne vurdere rett raudlistekategori. I slike høve må ein nytte §9 i naturmangfoldloven:


§ 9. (føre-var-prinsippet)
Når det treffes en beslutning uten at det foreligger tilstrekkelig kunnskap om hvilke virkninger den kan ha for naturmiljøet, skal det tas sikte på å unngå mulig vesentlig skade på naturmangfoldet. Foreligger en risiko for alvorlig eller irreversibel skade på naturmangfoldet, skal ikke mangel på kunnskap brukes som begrunnelse for å utsette eller unnlate å treffe forvaltningstiltak.

Det tyder at ein anten undersøker nærare så ein har klart kva ein veit og ut frå det gjer vedtak, eller at ein tar dessto romslegare i slik at ein er heilt sikker på at ein ikkje gjer noko som er til skade. Reguleringsplanen manglar såleis nokon kvalitet på dette området.