Rekord i juleinnkjøp

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Handelsnæringa er travelt opptatt med å fortelje journalistane at vi kjem til å kjøpe for endå litt meir enn sist år no i julehandelen fram mot jul. Så bit vi på, handlar for litt meir enn i fjor sidan alle andre gjer det, trur vi. Handelsnæringa får det som dei vil.

Samfunnet vårt er basert på vekst i økonomien. Slik har det vore i meir enn ein levealder. Vi kan låne oss gjennom det meste, fordi låna blir billegare å betale tilbake seinare når vi får meir i lønningsposen. Årsaka til at vi kan gjere dette er at vi tar ut ressursar frå jorda utan å betale noko for det. Vi bryr oss heller ikkje noko om at dei som kjem etter oss finn tome hol etter oss, og elles berre skraphaugar.

Verdas forbruk er allereie høgare enn det jorda kan levere over tid. Vi velter oss i velstand og tar godsakene ut på forskot. Før eller seinare vil vekstprinsippet møte veggen, jorda klarer ikkje meir. Kan hende er det ikkje så langt unna heller. Då blir i så fall finansbraket vi har hatt eit par år no berre ein blåmåndag samanlikna med dei 7 magre åra som venter.

Naturvernforbundet er opptatt av at vi ikkje har større forbruk enn at vi kan sjå etterkommarane våre i auga med godt samvit. Då er vi nøydde til å la andre enn handelsnæringa få vere våre leiarstjerner. Godt samvit kan jo vere ein bra ting å møte jula med.

Sjølv om handelsnæringa veit av mykje folk flest må ha, så er det ikkje sant. Det gir ikkje lukke å ha alt så husa er fulle frå golv til tak med noko som må haldast orden på. Kan hende ville mange vore meir lukkeleg om ein jobba litt mindre, tente litt mindre og kjøpte litt mindre, og så tok ut vinsten i form av tid i lag med dei ein er glad i.

Naturvernforbundet har i nokre år tilrådd at ein gir bort opplevingar i staden for ting. Be nokon ut på restaurant (og et gjerne av den kortreiste menyen) eller kino. Gå på tur. Men no har snikane i handelsnæringa blanda seg inn. Når G-sport seier «Gi bort gode opplevelser» så er det tydeleg at ein føresetnad er ein tur innom deira butikk først. Det er ikkje det Naturvernforbundet meiner. La det gjerne gå sport i det, men poenget er altså å oppleve noko utan at ein kjøper ting som er laga av ikkjefornybare ressursar, med mykje energibruk, og ein skraphaug i andre enden.

Det ville glede Naturvernforbundet mykje om julehandelen blei 5 % lågare enn i fjor.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal