Restaurering av skog
Finst det alternativ til ny granplantasje?
For 50-60 år sidan blei det planta mykje granskog i Møre og Romsdal. No skal skogen hoggast. Kva no? Naturvernforbundet spør Surnadal kommune om dei vil medverke til at den nye skogen som blir planta blir ein variert skog, slik det var før granplantefeltet si tid.
Mange granplantefelt blei planta der det før var edellauvskog. Andre stader var det furu og hassel som dominerte. I Surnadal kan det ha vore kalkpåverka skog.
Naturavtala er inngått. Vi skal restaurere 30% av naturen vår, og vi skal vere i gang med arbeidet innan 2030. Planting av variert skog av typen som har vore i området før vil vere bra både for naturmangfald og klima.
Du kan lese Naturvernforbundet sitt brev her: