Rette staden for giftig uorganisk avfall

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

søppelfylling

I april 2016 låg det føre ein gjennomgang av alternativa for plassering av anlegg for lagring av uorganisk farleg avfall. Utgangspunktet då var store steinbrot og meir eller mindre nedlagde gruver, rett og slett store hol i landskapet. Vurderinga var gjort av Norconsult for Miljødirektoratet. Ved nærare gjennomgang forsvann alternativa i tur og orden. Eit kjenneteikn for alternativa som er igjen er at det finst ein eller annan lokal onkel skrue som meiner han kan vere tent med ei slags løysing for å få dette til.

Det er tale om ei avfallsløysing som helst skal vare i dei neste hundre åra. Det blir sagt at ein kan legge på 15 meter med lågureina masse på toppen, og så dyrke mat oppå når det blir ferdig, samtidig som folk flest slett ikkje vil ha denne verksemda i nabolaget. Det er vel ikkje for ingenting at dette avfallet ikkje hamnar i eit tilfeldig hol. Men det er langt på veg det som held på å skje, at dette avfallet hamnar i nettopp eit tilfeldig hol.

Truleg burde Miljødirektoratet ha starta i andre enden, med å liste opp nokre omsyn som er viktigare enn andre. Avstanden frå der det meste avfallet oppstår til der avfallet kan bli lagra er eit slikt vesentleg punkt. Evne til tilpassing til nye måtar å handsame dette avfallet på er eit anna punkt. Den dagen svovelsyra blir reinsa og brukt opp igjen, og ein tar ut verdifulle metall frå flygeoska slik at restoska er langt mindre farleg og kan lagrast enklare, då blir dette prosjektet eit heilt anna. Den dagen vi må inn igjen i dei gamle avfallsfyllingane for å hente ut metall vi ikkje burde ha kasta, då ser vi nye skilnader på desse avfallsløysingane.

Kva kan ein seie om Raudsand? Det finst truleg hundrevis av lokalitetar som er like godt eigna som Raudsand når det gjeld tilgang til hol i fjell og kaiplass ved sjøen. Prosjektet på Raudsand var opphaveleg å lagre i dei gamle gruvegangane. Noverande prosjekt, å lage nye fjellhallar, tar utgangspunkt i hol som framleis ikkje finst, med djupvasskai og 30 dekar lagringsplass ved sjøen. Slike hol som ikkje finst har vi mange av langs sjøen, der ein kan lage djupvasskai og få til 30 dekar arbeidsflate, og naboane bor bak ein ås minst 400 meter unna.

Miljødirektoratet bør spandere på seg ein ny gjennomgang av Oslofjordområdet med tanke på å finne slike stader der, nær der avfallet oppstår.