Reven må skytast?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Reven må skytast for no er det så mykje av han at det går ut over småviltet. Slik står det i Tidens Krav 6.4. Det kan godt vere at det er mykje rev i Kristiansund/Frei. Men det er viktig at ein ser meir enn halve samanhengen. For det er mykje rådyr i området også. ”Rådyr påkøyrd” er ein av dei vanlegaste titlane i avisene for tida. Med ein stor bestand av rådyr og andre hjortedyr kjem problema med flåtten opp i store høgder. Sjølv om kvotene på rådyrjakta mange stader er auka, hjelper det lite når fellingsprosenten kanskje ikkje når opp i halvparten. Raudreven er mellom dei dyktigaste jegerane når det gjeld å jakte rådyrkalvar. Ei vellukka revejakt vil fort føre til ei stor auke i rådyrbestanden og folk flest vil få mykje meir rådyrbesøk i tulipanbeda og mykje meir flått under knea.

Kontaktperson for denne saka er fylkesleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Naturvernforbundet er ikkje mot jakt av rev på Frei. Men vi er mot ei jakt der samanhengen ikkje er med. Dei som verker etter å jakte kan elles sjå litt etter minken. Det er ein introdusert art som pr. definisjon ikkje skal vere hos oss. Minken kan jaktast heile året. Får ein redusert minkbestanden finn reven meir snaddermat i strandsona og slepp langturane oppetter i høgda.

I same avisa kan ein og lese om Jo Ketil Dahl som fortel om eit syn han seint vil gløyme. Det er ikkje mange som får sjå livs levande gaupe i våre område, denne gongen i Gjemnes. Nyleg høyrte vi at ei gaupe blei felt i Nesset. Eit rovdyr som er raudlista. Eit rovdyr som knapt tar sau i Møre og Romsdal. Eit rovdyr som har rådyr som eit av favorittbyttedyra sine. Eit rovdyr som sauebonden truleg blir meir og meir avhengig av finst i skogen slik at ikkje rådyrbestanden tar heilt overhand og flåttplagen på sauen gjer sauedrifta heilt umogleg.

Bestandsreguleringar er for viktig til at grunneigarar og jegerar aleine skal få styre dette. Heilskapeleg forvaltning må til.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal