Ris og ros til vassdragsplan i Rauma
Rauma kommune har som ein av alt for få kommunar i landet laga ein kommunal plan for vassdrag. Planen er no ute på andre høyring, og Naturvernforbundet i Rauma og Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har både skryt og kritiske kommentarar.
Til tross for mange gode ord om at Rauma faktisk har utarbeidd ein samla plan for vassdraga sine, finn Naturvernforbundet det meir enn underleg når kommunen ved første høve legg opp til at endå meir av den mest verdifulle naturen skal leggast i røyr.
Naturvernforbundet nyttar elles høvet til igjen å ta opp verneverdiane i Kvanndalen.
Gunn Nordheim Morstøl har telefon 93 26 43 41
Øystein Folden kan kontaktast på telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet
Les uttalen frå Naturvernforbundet
Høyringsutkastet frå Rauma kommune