Rognskogfjellet og konsekvensundersøkingar

Lesarbrev frå Naturvernforbundet 2. desember 2009.

Meldinga om utbyggingsplanane for Rognskogfjellet er unnagjort, og det er venta at SAE Vind vil søke om utbygging innan 1. april neste år. Då skal det også ligge ved ei konsekvensutgreiing. Programmet for konsekvensutgreiinga er ikkje fastsett førebels. Når det ikkje er bestemt kva som skal undersøkast no, og undersøkinga skal vere fullført i praksis ved utgangen av januar/februar, seier det seg sjølv at nye typar krav til undersøkingskvalitet lett blir teori.

Mykje tyder på at tema som friluftsliv og rovfugl kan bli veldig sentrale for prosjektet på Rognskogfjellet.

Naturvernforbundet har i fråsegna til meldinga bedt spesielt om at konsekvensutgreiinga driv oppsøkande verksemd på område som friluftsliv og rovfugl. Dette fordi friluftslivet kjem og går og det er uråd for framande ekspertar i løpet av 4-5 feltdagar å få ei god oppfatning om omfang i alle tydingar på eit slikt tema. Rovfuglane er endå meir ustadige. I mykje arealbruk er det først og fremst hekkesesongen og påverknad av den som er avgjerande, men vindkraft påverkar fuglane resten av året også, og då er åtferda over heile året avgjerande. Det klarer ein ikkje å finne ut av ved 4-5 dagar med feltundersøkingar.

Det er elles eit paradoks at vindmålingar blir gjort kvar time over fleire år for å få gode data. Tenk om utbyggar hadde tenkt slik om friluftsliv og rovfugl også. Vindmålingane er der for å finne ut korleis det kan bli med rekneskapstala, undersøkingsbehovet når det gjeld friluftsliv og rovfugl dreier seg om sentrale delar av livet for dei som held til i området.

For å bøte på nokre av manglane når det gjeld kunnskapen om fugl og friluftsliv vil Naturvernforbundet oppmode alle og ein kvar som har vore på Rognskogfjellet i Halsa og områda rundt om å fortelje om si friluftsoppleving og eventuelt om dei har observert fugl eller anna som kan vere litt spesielt når det gjeld natur. Her nytter det ikkje å stole på at andre gjer det, du må gi ditt bidrag. Gong på gong har vi sett i denne typen saker at det er mykje opplysningar som ikkje kjem med. For dei som har e-post kan dei gjere følgjande: Presenter deg sjølv med namn og adresse, fortel at du har ei friluftsoppleving/observasjon av rovfugl eller anna som gjeld Rognskogfjellet og at konsekvensutgreiiar tar kontakt med deg slik at du kan fortelje nærare om kva du har å fortelje om. Dette sender du til geir.paulsen(a)ramboll.no Send gjerne kopi til moreromsdal(a)naturvern.no så kan vi følgje med om konsekvensutgreiar gjer seg nytte av tips, eller om dei overser dei. Er du ikkje e-postbrukar vil ein sms eller telefon til Geir Paulsen, 932 80 030, hos Rambøll vere mogleg, men alt som går på telefon har større risiko for at det forsvinn ein eller annan stad utan å nå i mål.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen