Røndøla i Eikesdalen – småkraftplanar i verneområde

Verneområdestyret for Dovrefjell-Sunndalsfjella har behandla planane om ein småkraftsak i Eikesdalen. Naturvernforbundet varslar i eit brev at dette er saker Naturvernforbundet har sterke interesser i.

Naturvernforbundet ønskjer innsyn i denne prosessen, og å kunne medverke. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har arbeidd med småkraftsaker gjennom 10 år innan fylket, og har elles delteke også nasjonalt. Difor har vi som organisasjon ein ganske unik kompetanse som vi ønskjer å bruke når småkraftsakene tydelegvis har tenkt seg inn på nye område.