Rovdyr er nyttedyr

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Noreg har bede om innspel i samband med revisjon av forvaltingsplan.

Alle dyr har eigenverdi og alle har ein plass i økosystemet. Det er utgangspunktet for forvaltinga av dei store rovdyra. Blir det for få rovdyr, så vil det få negative følgjer på naturen.

Naturvernforbundet ønskjer at Møre og Romsdal tar meir ansvar for gaupebestanden i Midt-Noreg, i form av at den faktiske bestanden no kjem til syne i forvaltingsplanen.

Vidare er det viktig at forvaltinga av den sørvestlege delbestanden av jerv blir meir kunnskapsbasert. Her finst dei siste restane av den norske jervbestanden vidareført.

Område heilt utan store rovdyr er ikkje naturleg, og bør overvakast for å kunne setje inn tiltak før det skjer store skader på økosystema.

Felles innspelfrå Trøndelag og Møre og Romsdal kan du lese i dokumentet tilgjengeleg under.

Foto: Øystein Folden