Rovdyr og landbruksøkonomi

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Steinar og Trude Wirum har ei sak gåande med Staten om kven som skal betale for rovdyraktiviteten i Grasdalen i Sunndal. Dette er ei sak som mykje godt er utan interesse for Naturvernforbundet i utgangspunktet. Men saka blir bruka i kampen om rovdyra. Den arenaen kan vi ikkje la bonden i Sunndal ha aleine, utan at vi også deltar.

Tapa av sau er utålelege, seier Wirum. Det kan Naturvernforbundet forstå. Rovdyra har gjort gardsdrifta ulønsam, seier Wirum. Den saka har fleire sider, og det har vi tenkt å seie noko om her. At fjerning av rovdyra er løysinga kan det vere fleire oppfatningar om.

Garden til Wirum er gamal. Dette er ikkje ein gard som frå Arild si tid har vore rovdyrfri, og så er det innført rovdyr i nyare tid. Kva er det Wirum eig i så måte? Det er ein gard med mange moglegheiter, men også med avgrensingar som at det er eit øksosystem der, ikkje endelause, paradisiske enger utan rovdyr.

Det var ei tid då rovdyra blei skotne. Bonden fekk då ein meirverdi på ein måte, i form av at han slapp å gjete, eventuelt ta tapet med at rovdyra forsynte seg. Betalte han noko for denne endringa? Han bruka vel noko tid på jakta, men utover det blei det ikkje betalt, verken til rovdyra slik at dei kunne gå ein annan stad å kjøpe seg beiterett eller legge seg til i Syden for å leve av rentene, eller til staten som ein slags eigar av det som ikkje kan eigast.

Der sauen blei tatt av jerven kunne ein drive med ku i si tid, men kua må mjølkast. Så levde Wirum i paradis og han bytte bort kua og fekk sauen igjen. Slikt er risikosport. Betalte han nokon for å sikre seg at paradis kunne vare? Ikkje det Naturvernforbundet veit.

Staten kom etter nokre hundre års villfaring på betre tankar når det gjeld rovdyr. Ein ting er at alle dyreartar har livet sin rett, men det er også anna natur som det skjer noko med når dyreartar blir borte. Jerven er tilbake, og jerven likar Trollheimen. Dessutan hadde han beiterett der, ingen har kjøpt han ut. Hevd er berre mogleg viss ein er i god tru. Når rettigheitshavarane som  jervane i realiteten var blei skotne, så er ikkje skyttaren i god tru. Då er det tale om villfaring eller ran, og det er noko anna.

Wirum sin gard har sin verdi og eit rekneskap der også jerven har rett til å vere. Garden ga avkastning med dyrehald tidlegare. At garden moglegvis ikkje kan gi avkastning på den måten no skuldast truleg ikkje at garden har mindre moglegheiter, men at vi menneske har sett nye krav til kva vi vil ha i avkasting. Vi skapar ikkje lenger verdiar, men fjernar dei frå havsens botn, tar pengane og seier at slik må alle andre også gjere for å få det gode liv. Slikt går ikkje i lengda.

Rovviltforliket som også bøndene viser til seier at det skal vere 10 ynglande jerv i Midt-Noreg, og 3 av desse skal vere i Møre og Romsdal. Rovviltnemnda fann for få år sidan ut at dei ville nå dette målet utan ynglande jerv i Trollheimen. Det er skote mange jerv i Trollheimen etter det. Etter kvart som det minka på, så kan det sjå ut som jerv andre stader frå har trekt mot Trollheimen. Såleis har det i alle fall ikkje auka, heller minka med jerv dei plassane utanfor Trollheimen som skulle overta ansvaret for ynglinga. Trollheimen er ein flott plass, også for jerven, og det kan vi ikkje vedta oss bort frå.

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal