Rovviltnemnda og plass til jerven

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det er mogleg eg har vore utydeleg. Men eg har ved fleire høve peika på at ein ikkje kan forvalte rovviltet i Møre og Romsdal ut frå at det er fleire rovdyr enn målet i Trøndelag. No sist er det leiar i rovviltnemnda region 6, Kari Anita Furunes, som misforstår.

For jerv er dette spesielt viktig, sidan jervebestanden i Noreg er delt i 3. Den sørvestlege delbestanden av jerv tel 50 dyr eller noko meir. Den held seg sør for Trondheimsfjorden og vest for Rv 3 gjennom Østerdalen. Dei tre jervane som er bestandsmål i Møre og Romsdal høyrer til i denne delbestanden. Det gjer også dei 4 som er målet i Oppland. Viss denne delbestanden blir for liten, så er viktige føresetnader for jerven som art blitt vesentleg dårlegare i Noreg. Ei anna side av saka er at det er i hovudsak i dette området jerven møter villrein i Noreg. Villreinen har Noreg eit spesielt ansvar for å ta vare på. At det finst jerv der det er villrein kan vise seg å vere svært viktig, men det får det bli meir om seinare.

Viss denne sørvestlege delbestanden av jerv blir borte, så forsvinn nok også arvemateriale som kjem frå den urnorske jerven. Truleg er det berre eit par titals dyr igjen som er berarar av desse særnorske mikroallelane. Det er vanleg praksis at ein gjer ein innsats for å ta vare på slik variasjon. Det er i grunnen det same som ligg til grunn for at ein har forskjellige sauerasar, og driv med bevaringsprosjekt for nokon av dei.

Ei betre samordning mellom rovviltnemndene i Oppland, Hedmark og Midt-Noreg skulle betre vilkåra for jerven i sørvest. I alle fall slik at forvaltinga ikkje skjedde tilfeldig på kvar si side av fylkesgrensene. Dei siste par åra har dei tre nemndene samarbeidd. Naturvernforbundet blir ikkje invitert som observatør på møta, så vi veit ikkje mykje om kva dei drøfter. Men det vi får høyre når vi spør er at det er totaltalet for dei fire fylka som er grunnlaget for drøftingane. Dermed blir ein større bestand langs grensa mot Sverige førande for forvaltinga av heile området. Dette blir gale for den sørvestlege delen av jervebestanden.

I motsetning til nemnda har Naturvernforbundet arbeidd aktivt med forskjellen mellom forvaltingsområde og beiteprioritert område i Møre og Romsdal. Som oppfylling av det todelte målet er det ønskeleg at jervebestanden og ynglingane i størst mogleg grad finst i forvaltingsområdet for jerv. Litt forenkla dreier det seg om Dovrefjell-Sunndalsfjella og Reinheimen. Når målet er nådd i forvaltingsområdet, er det etter forvaltingsplanen ikkje nødvendig med ynglingar nokon annan stad. Når bestanden er stor nok i forvaltingsområdet, så vil det også vere uproblematisk at det blir gjeve skadefellingsløyve i beiteprioritert område.

Ved sist teljing var det 3 ynglingar i forvaltingsområdet i Møre og Romsdal. Det er altså på fastsett bestandsmål. DNA-registrering tyder på at totalbestanden i forvaltingsområdet ikkje er høgare enn målet. Når vi veit at jerv fødd i forvaltingsområdet blir skote på utsida av grensa, så blir avkastinga av desse ynglingane stort sett hausta alt i dag. Då kan ein ikkje samtidig gå inn i forvaltingsområdet og ta endå fleire dyr. Men det var det nemnda vedtok på sitt første møte i vår. Kvota på to dyr i forvaltingsområdet i Møre og Romsdal klaga Naturvernforbundet på, og Klima- og Miljødepartementet gav Naturvernforbundet medhald på det. Så fekk nemnda heller lov til å auke kvota ein annan stad. Dei kunne ha auka kvota med 2 i Trøndelag, men valde beiteprioritert område i Møre og Romsdal. Det er greitt nok for Naturvernforbundet. Vi tviler vel i grunnen på at det er så mange dyr i beiteprioritert område at ein kan fylle kvota.

Furunes påstår: «Det er ingen fare for overlevelse av disse artene da de ligger langt over bestandsmål i gjennomsnitt de siste tre år.» Både gaupe og jerv er på raudlista rekna som sterkt truga (EN). Når ein art har fått kategori EN på raudlista, tyder det at det er minst 20% risiko for at arten kan døy ut. Først å vedta kvoter større enn det som er tilrådd, og så dekke til at artane er truga av utrydding i Noreg, det er ikkje greitt. Dette bør ein rovviltnemndsleiar halde orden på.

Når det gjeld matproduksjon og rovvilt, så bør det vere fullt mogleg å få til det. I våre område er det sjeldan besøk av ulv og bjørn. Det tyder at ein kan ha storfe på utmarksbeite med minimal fare for tap til rovdyr. I den grad kjøtproduksjon skal dekke våre matbehov, bør det difor vere fullt mogleg å oppfylle denne delen av målsettinga.

 

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet