Rovviltutvalet og jerv i Fjord kommune

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Sidan rovviltutvalet i Fjord kommune fortel om all jerven i området som må bort, vil Naturvernforbundet gjerne fortelje noko anna.

www.rovbase.no held greie på kor mange sau jerven har tatt, og som er dokumentert. I løpet av det siste året er det dokumentert tapt 22 sau til jerv i Fjord kommune. Alle desse tapa har vore inne i forvaltingsområdet for jerv.

Vi har eit forvaltingssystem der det er ganske stor skilnad når det gjeld rovdyr og grensa mellom forvaltingsområde og prioritert beiteområde. Det er så enkelt som at dei rovdyra vi har mål om å ha vil vi helst ha i forvaltingsområdet. Forvaltingsplanen som rovviltnemnda i region 6 har vedtatt seier: «Det er en målsetting at det regionale bestandsmålet oppnås innenfor forvaltningsområdet. Bestanden av jerv skal være mest mulig jevnt fordelt. Ofte oppstår det store tap av rein og sau til jerv. I områder med jerveskader skal det satses på effektive tapsforebyggende tiltak. Tilskudd til tidlig nedsanking er et aktuelt tiltak i forhold til bufenæringen. Miljødirektoratets ekstraordinære uttak av jerv (uttak av restkvote etter lisensfelling) skal prioriteres i områder der det er sammenfall mellom viktige kalvingsområder for tamrein og forvaltningsområder i tråd med rovviltforlikets punkt 2.2.19 (se også kap. 3.2).»

Viss det blir sleppt sau i forvaltingsområdet, er sauen der på jerven sine premiss. Det kan bli store tap, og verkemidla mot det er mellom anna tidleg nedsanking, ikkje skyting. Det står noko om ekstraordinære uttak av jerv, men det gjeld i område med tamreindrift. Tamreinen går ute heile året, og kalvingsområde for tamreindrifta er likestilt med beiteprioritert område.

Registreringane for Møre og Romsdal det siste året viste at det i forvaltingsområdet var 3 ynglingar, og at ein dermed i utgangspunktet har ein bestand (Ca. 20 jerv) i samsvar med målet. Det skal seiast at ein hannjerv drap ungane i eit av dei tre hia det var ungar i. Dermed skal det ikkje vere lisensjakt i forvaltingsområdet (Som Miljødepartementet slo fast i klagesak sist år), og heller ikkje andre uttak. 

Når det gjeld prioritert beiteområde er det eit heilt anna regelverk: «Områdene utenfor forvaltningsområdet regnes som prioritert beiteområder i forhold til jerv. Utenfor forvaltningsområdet skal det fastsettes tilstrekkelige kvoter for lisensfelling dersom det nasjonale bestandsmålet for jerv i regionen er nådd. Det vil årlig kunne oppstå skader p.g.a. jerv også utenfor forvaltningsområdet, og forebyggende tiltak bør kunne prioriteres i områder med store årvisse tap. Rovviltnemnda vil gi årlige råd og prioriteringer om ekstraordinære uttak i forhold til skadesituasjonen for bufe og tamrein for hele regionen. Rovviltforlikets punkt2.2.19 om at det ikke skal være rovdyr som representerer et skadepotensial i prioriterte beiteområder for husdyr og kalvingsområde for tamrein er et av kriteriene som legges til grunn.»

I forvaltingsplan er det tale om «tilstrekkelege kvoter» i beiteprioritert område. Nemnda har aldri undersøkt kor mange jerv som går i beiteprioritert område. Om det finst så mange som det er kvote til er difor usikkert. Når kvota ikkje blir felt, kan det skuldast at det ikkje var fleire dyr som kunne fellast. Å forlange at restkvota skal fellast kan difor vere ganske meiningslaust. Sidan dei 3 hia i beiteprioritert område blei tømt for ungar sist vår, blei det lite avkasting det siste året. Av kvota på 7 blei i alt 4 dyr felt i vinter. Det er lite sannsynleg at bestanden er over bestandsmålet, langt mindre «langt over» i Møre og Romsdal.

Når det gjeld dei kommunale rovviltutvala, så må det seiast at alle medlemmene representerer beitenæringa. Dette er ikkje utval som har i oppgåve å arbeide for rovviltet sitt beste.

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal