Ruteproduksjon etter opninga av Eiksundsambandet – eit forslag?

Notat til diskusjon.

share_data={max_recipients:20} Det er mange i Møre og Romsdal som har som hobby å teikne strekar på kart og kalle det nye vegsamband. Vi er ikkje så mange som lagar rutetabellar for bussar, men vi finst.

Vinteren 2008 opnar Eiksundsambandet. I samband med dette har det vore ein del diskusjon om kvar Timeekspressen skal gå.

Timeekspressen bør framleis gå Moa – Solavågen – Festøya – Ørsta – Volda, men det er nødvendig å få på plass betre korrespondanse Moa – Ulsteinvik – Fosnavågen og på tverrforbindelsen Volda – Ulsteinvik.

Bussruter det bør vere mogleg å få til – tala gjeld minuttal kvar time – her er det ikkje lagt opp til gjennomgåande buss, dette for å spare pengar. Det hadde sjølvsagt vore ein fordel, men samstundes er det nok billigare når bussen ikkje blir med ferga:

Linje til og frå Volda – korrespondanse:
30 frå Volda 00 til Garneskrysset

Ny rute:
35 frå Fosnavåg 00 frå Garneskrysset
15 frå Ulsteinvik 30 til Hareid (snur og tar med passasjerar som kjem med ferga)

bytte til ferge 30 frå Hareid 00 til Sulasundet

bytte til buss
00 frå Sulasundet 05 frå Mauseidvågen 20 til Moa
25 til sjukehuset

Retur:
30 frå sjukehuset
35 frå Moa 50 frå Mauseidvågen
00 til Sulasundet (snur og tar med passasjerar som kjem med ferga)

bytte til ferge 00 frå Sulasundet 30 til Hareid

bytte til buss 30 frå Hareid 45 frå Ulsteinvik
00 frå Garneskrysset 30 til Fosnavåg

korresponderer med:
00 frå Garneskrysset
30 til Volda

Det er behov for ein terminal i Garneskrysset, det er merkeleg at denne ikkje er ein del av prosjektet Eiksundsambandet, men dette får Statens vegvesen kompensere med å få han på plass snøggast råd.

Timeekspressen frå Kristiansund er i Volda på minuttalet 47. Denne har retur 50 kvar time. Dette tyder at korrespondansen frå Ulsteinvik og sørover ikkje blir veldig god med dette opplegget, men det er nok ein liten marknad.

Garneskrysset – Volda: bussen bør kjøre opp til sjukehuset / Høgskolen – ta en runde – komme tilbake til Høgskolen / sjukehuset og gå ned til terminalen i Volda igjen. Det er nok mogleg å køyre rein pendelrute, men det blir litt tett. Korrespondanse i Furene til og frå Ørsta. Kanskje finst fleire alternativ her?

Dette bør det vere mogleg å lage politisk etterspørsel etter?

Dei som skal Fosnavågen – Ålesund sentrum reiser nok uansett med hurtigbåt frå Hareid. Det er Høgskolen som blir liggande litt i bakevja, men det kan vi kanskje leve med, førebels manglar trafikktal for denne.