Rutetabellar – manglande samsvar mellom nett og faktisk køyring – Tingvoll

Epost til Nettbuss, Nor-way, fylkeskommunen og andre.

Mottakarar av dette brevet får sjølv sortere om dei fortener ros eller ris, om dei har fått dette brevet som eit spark bak eller som takk for at noko er gjort, eller rett og slett til orientering.

Sidan det ville vere dumt å markere misnøye med busstilbodet med ein boikott av bussen eller ein gå sakte-aksjon så blir det heller ein strøym av e-postar frå Naturvernforbundet si side til dei mest grunnleggande tinga ordner seg. Ein slik grunnleggande ting er at det er samsvar mellom rutetabell og når bussen køyrer.

Vi har forståing for at det tar litt tid før vi får eit busstilbod så jamt at folk kan selje bilen.

Vi har forståing for at det kan gå eit par dagar frå ein veg blir stengt til ein får opp å gå ei tilpassa bussavvikling.

Men det er komplett umogleg å forstå at det skal gå vekevis å få endra ein busstabell på nettet. Viss ikkje nettbuss sjølv har kompetanse til å få ordna dette får nokon hjelpe dei. Det kjem vi til å gnåle om til det er gjort, så lenge det er tilgang til internett. Vi er kjent med at dette har vore tatt opp i alle fall sidan 29.7.2009.

Nettbuss hadde annonse for ei tid tilbake om at det blei endringar i bussavgangene gjennom Tingvoll. I annonsa viste dei til nettstaden www.nettbuss.no for nærare opplysningar.

Vi kan opplyse om at nemnte nettstad fører fram til følgjande side:

http://bestilling.nor-way.no/nbeiis/statictable/statictable.aspx?Language=o&Route=149&Direction=T&Product=P1

Der står det også i dag at det t.d. går buss mot Kristiansund frå Tingvoll kl 15.20. Den bussen har mange venta på i sommar. Dei har venta til langt på kveld. Det er mishandling av passajerar å lure dei til å stå timevis for å vente på bussen. Det er rein svindel å påstå at den bussruta går. Eller har de plutseleg begynt å køyre den ruta igjen no? Den dagen den bussruta køyrer igjen vil de få slite med å få folk til å tru det går buss slik de har halde på med lureriar i sommar. Dessutan har folk tatt til å kjøpe bil sidan dei har gått lei. Kundane dykkar er vent av med at det går buss og vil ikke vende tilbake utan vidare.

Til opplysning har www.sunndal.kommune.no på si framside ein artikkel om båt og busstider i området. På den sida ligg nettbuss sitt rutehefte inne, og der er rutene som ikkje går gjennom Tingvoll markert med raudt og med relativt tydeleg merksemd på at det som står med raudt ikkje går. Sunndal kommune greier det nettbuss ikkje får til. Då er det eit spørsmål om ikkje Sunndal kommune bør få tilbod om å køyre buss i framtida framfor Nettbuss.

Trafikanten har før helga også fått retta opp sine rutetabellar.

Med helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll

Epost 15. august 2009: Trafikanten har no lagt inn ny rutetabell. Bussen frå Tingvoll 15.20 mot byen og bussen frå Tingvoll 07.35 mot Sunndalsøra er no fjerna frå tabellen i samsvar med realiteten at desse rutene ikkje går. Sjølv om dei skulle ha gjort dette for lenge sidan, så skal dei i alle fall få ei merksemd – dei let seg påvirke av klagar og bråk når det blir nok av det. Det tyder at det er noko der som lever og er av kjøt og blod. Takk for det i alle fall. www.nettbuss.no i samarbeid med Nor-Way bussekspress tilbyr framleis buss til desse tidene om ein skal tru på tabellen deira. Viss eit bilfirma sel ein bil med så stor mangel blir det vanlegvis kalla svindelforsøk. Særleg når det let seg prove at dei veit betre. Einaste formildande omstende er at Nettbuss ikkje tener pengar på denne svindelen. Men det er mager trøyst for dei som venter på busser som ikkje kjem. Viss ikkje Nettbuss klarer betre fortener dei ikkje å få fornya konsesjonen sin ved neste høve. Elles ser vi no av Aura Avis at dei får på plass ringbuss i Sunndal og pendlarbuss mot Surnadal, og ordførar Torve er nøgd. I Tingvoll forsvinn berre dei rutene som gjekk, og eg er temmeleg sikker på at ordførar Sørvik er langt frå nøgd. I miljøkommunen Tingvoll har dei første kjøpt seg bil for å klare seg når bussen har slutta å gå. Skal du til Sunndal på morgonen og ikkje køyrer sjølv så må du ta bussen via Krifast og Molde. På Sunndalsøra er du i tolvtida. Eit bra framsteg i klimaarbeidet, og det lovar bra for framtidig rekruttering av busspassasjerar. Med helsing Øystein Folden leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll