Saknar du lokallag?

Naturvernforbundet har lokallag i ein del kommunar, men mange stader manglar det lokallag. Fylkeslaget prøver å følgje med litt der det manglar lokallag, men det seier seg sjølv at det blir heller tilfeldig kva ein fangar opp, og det ein får gjort noko med er endå mindre.

Kva skal så til for å starte eit lokallag? Det er sanneleg ikkje så mykje. Viss 2-3 personar seier seg viljug til å vere styre og det blir kalla inn til eit årsmøte, så er ein i farta. Seinare treng ein å kalle inn til årsmøte ein gong for året. Ein av styremedlemmene må vere ”postmann” og får posten frå Naturvernforbundet. Eit lite pip til kommunen, så får postmannen anten brev eller e-post frå kommunen om alle saker som gjeld natur og friluftsliv. Minimumsvarianten av arbeid er å sjå litt på slike saker, og seie frå til fylkeslaget om det er noko som bør gjerast. Etter kvart vil lokallaget kanskje bli i stand til å kladde ei fråsegn i ei sak og få hjelp frå fylkeslaget slik at fråsegna blir sendt.

Fylkeslaget i Møre og Romsdal har dei seinare åra sagt i årsplana at vi tar tak i det vi har lyst til og har godt samvit for dei sakene vi ikkje rekk å gjere noko med. Det lever vi godt med, og det kan lokallag også leve godt med.

Kva gjer du no? Sende ein epost til moreromsdal(a)naturvern.no om at du vil ha hjelp til å finne fleire som kan vere med å starte lokallag, vil jo vere ein måte. Ein telefon til fylkeslaget (918 12 542) er ein annan måte. Eller du kan verve nokre nye medlemmer som vil vere med i eit slikt styre.

Det er behov for Naturvernforbundet, og det er ingen tvil om at ein del saker kan påverkast viss vi er på banen.

Kontakt fylkesleiar Øystein Folden på 91 81 25 42 for meir informasjon. Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen