Samferdselstiltak først, klimareparasjon etterpå?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

På side 4 i Aura Avis 31.7. vil ordførar Øyen i Kristiansund ha slutt på omkampar som utset samferdselsløysingar. Det er om å gjere å få ting i gang. Sjølv om det går både fort og gale. På side 5 i same avis står det om klimamålingane på fjellet. Eit uventa stort tal planter har gått like til toppen av Kaldfonna, truleg som følgje av at alvorlege klimaendringar alt er i gang.

Ordførar Øyen kan snart gle seg til nedbetalt Krifast og ei pårekneleg auke i trafikken der. Atlanterhavstunnelen er eit faktum. Bu- og arbeidsmarknadsregionen har visstnok blitt større. Det har biltrafikken også. Det er underleg at det ikkje går an å få til kollektive løysingar når målsettinga er at folk skal kunne transporterast enklare? Men Øyen er vel ikkje nøgd med det, for det skal vel bli ny innfartsveg til Kristiansund også.

Naturvernforbundet har sagt eit og anna til klimaplanen for Kristiansund. Lurer forresten på kva som skjer med den planen no? Blir det så mykje mindre utslepp på andre frontar at ein klarar å ta auka i biltrafikken utan å gå i pluss totalt sett? Var det ikkje så at vi skulle 30% ned i løpet av få år?

Stortingsrepresentant Torve representerer visst eit parti som skal ha funne løysinga på utsleppsreduksjonane utan at vi merker det så mykje. Førebels har vi ikkje merka så mykje, men har utsleppa gått ned?

Trollheimstunnelen blei vedtatt før det politiske miljøet blei klar over at vi har eit klima vi kan påverke. Men no er vi vel stort sett klar over at vi gjer noko gale med klimaet, og at vi må gjere ein del rett for at det ikkje skal på heilt på dunken. Skal vi bygge Trollheimstunnelen først og så sjå på kva vi kan gjere med problemet etterpå, eller skal vi prøve å gjere dette litt meir intelligent?

Det er noko som heiter miljøinformasjonsloven. Den gir folk flest rett til å få vite kva miljøverknadene er av forskjellige tiltak. No vil Naturvernforbundet bruke den loven til å få svar på følgjande spørsmål:

1. Kva er klimagassutsleppa med noverande ferjedrift Kvanne-Rykkjem?

2. Kva vil ein få av klimagassutslepp med Trollheimstunnelen under føresetnaden av at trafikken vil auke med 40% (ganske normalt for slike prosjekt)?

3. Kva vil ein få av klimagassutslepp med Trollheimstunnelen under føresetnaden av at trafikken minkar med 40% (må vel til viss vi skal nå klimagassmåla)?

4. Kva er potensialet for utsleppsreduksjonar viss noverande ferje blir erstatta med gassferje, ev. batteridriven ferje ved neste høve, og ein legg til grunn 20% redusert fart og berre 60% av trafikkmengda i dag?

Naturvernforbundet er ikkje heilt klar over kven som eig Trollheimstunnelprosjektet, så i første omgang går spørsmåla til ordførarane i Sunndal og Surnadal kommunar. Etter miljøinformasjonsloven har desse to herrane då ansvar for anten å svare på spørsmåla eller fortelje kven som er rette vedkomande til å svare.

Det vil overraske om tala det er spurd etter alt er rekna ut, så det vil sikkert krevje litt arbeid. Difor reknar Naturvernforbundet med at normalfristen på ein månad for å svare er knapp, men 2 månader må halde.

Politikarar som framleis skal tale til fordel for Trollheimstunnelen utan å ha svar på desse spørsmåla, dei satsar på at det går bra same kva. Det kan nye generasjonar kome til å døme dei hardt for.

Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal