Samfunnsplanlegging for i går eller framtida?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det går så det griner i Kristiansund for tida. Det ber samfunnsplanlegginga preg av. Men perspektivet på denne samfunnsplanlegginga er forbausande kort. Det er mest så ein kan tru at fokuset er mindre enn fire år fram i tid. Blir det eit godt framtidssamfunn av det?

I løpet av det siste halvåret har folk flest fått ei kjensle av at jobb nr. 1 framover har med klima å gjere. Alle dei andre jobbane må samsvare med det jobb nr. 1 går ut på, elles er det lite framtid att for mange.

Kva veit vi om framtida? Dette er ikkje så lett. Til hausten skal det veljast nye politikarar. Til å styre oss må vi velje dei som er best til å sjå framover, og best til å ta konsekvensen av det, anten det er kortsiktig populært eller ikkje. Her hjelp ikkje fine talar, men praktisk handling.

Kva slags rammer må dei nye politikarane innrette seg etter? For å løyse klimakrisa må vi innrette oss slik at det blir bruk for mindre transport. Særleg flytrafikk og også biltrafikk vil bli problematisk og reduksjonen på det området vil bli stor. Vi veit at vi må bruke mindre ressursar til byggeverksemd – vi må gjenbruke meir og bygge mindre. Vi veit at straum til oppvarming vil bli dyrare. Vi veit at olje og gass som ressurs vil ta slutt, og at verksemda knytt til Nordsjøen vil minke alt om eit tiår eller to. Vi veit at prisen på olje og gass vil gå opp på grunn av etterspurnad eller avgiftslegging.

Korleis vil Kristiansund utvikle seg viss slike rammer blir lagt til grunn? På samferdselsområdet vil ei satsing på større og betre vegar vere feilslått. Satsing på kollektivløysingar no vil løyse mange problem, og vere mykje enklare å tilpasse ei ny tid enn omfattande veganlegg.

Utviding av flyplassen for å ta unna auka trafikkmengde vil sjå underleg ut når vi om kanskje så lite som ti år ser ei kraftig nedgang som følgje av klimaskattlegging.

Viss vår utferdstrong må løysast lokalt i staden for til Thailand, vil nærområda på nytt bli mykje viktigare. Då er det heilt vesentleg at vi tar vare på område som Skorpa som natur- og friluftsområde. Strandsona elles er også så avgrensa ressurs og så verdifull at vi ikkje kan bruke han opp til å bygge naust og mykje anna.

Når bilkøyring blir redusert vil det bli trivelegare å leike i nærområda, og det er nærområda som er lett tilgjengelege når vi ikkje kan køyre så mykje. Vår kvardag vil bli meir innretta mot nære opplevingar framfor aktivitet som krev køyring og forbruk.

Vil vår verden bli dårlegare å bu i viss framtida blir slik? Det er i alle fall mykje som talar for at ho heller blir betre. Dette er ikkje berre politikarane sin jobb. Her treng vi alle kunnskap om dei ulike vala som må takast, til å velje dei rette politikarane og gjere dei rette vala i heimen og i dagleglivet. Her er nok arbeid til alle, men meld deg gjerne inn i Naturvernforbundet på vegen mot ei verd som er god å leve i for alle.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Jeg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet