Sats på Timeekspress Kristiansand – Trondheim!

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom på Vestlandet gir full støtte til planane Vestlandsrådet lanserer om timebuss mellom Kristiansand og Trondheim. Dei ber Vestlandsrådet om å arbeide for å få på plass den nye bussruta frå 2009.

Fredag 29. september skal Vestlandsrådet behandle ei sak om ny timekspress mellom Kristiansand og Trondheim i Vestlandsrådet. Naturvernforbundet og Natur og Ungdom roser Vestlandsrådet for å sette denne saka på dagsorden.

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom på Vestlandet, altså fylkeslaga i , Hordaland, Sogn og Fjordane samt Møre og Romsdal vil i samarbeid med laga i Vest-Agder og Sør-Trøndelag støtte opp om planane om å etablere eit busstilbod av denne typen gjennom våre fylke.

– Dette er ei viktig sak for Vestlandet – eit tilbod av denne typen vil omdefinere persontransporten i regionen, og vere eit viktig bidrag i å gi dei fleste innbyggjarane på Vestlandet høve til å reise enkelt og med mindre miljøulemper enn i dag, seier Ane Marte Rognskog frå Natur og Ungdom og Øystein Solevåg frå Naturvernforbundet.

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom saknar likevel eit litt meir offensivt Vestlandsråd enn det saksframlegget foreslår. I saksframlegget blir bussruta framstilt som ”eit mål på sikt”, medan fokus framover skal vere på takstsystem og terminalar. Naturvernforbundet er ikkje usamd i at slike detaljar er viktige for å få brukarar til kollektivtrafikken, men det som tel mest er at bussen går ofte og at han kjem fort fram.

Vi vil difor be Vestlandsrådet om å vedta som mål at ein gjennomgåande Timekspress Kristiansand – Trondheim skal startast opp i 2009, seier Rognskog og Solevåg.

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom vil vere til stades ved behandlinga av denne saka i Vestlandsrådet på Rica Parken hotell i Ålesund fredag. Vi vil overlevere ein buss til leiar Roald Bergsaker kl. 1100.

For meir informasjon, kontakt:

Øystein Solevåg, Naturvernforbundet: 40 23 47 05

Ane Marte Rognskog, Natur og Ungdom: 46 41 32 13 Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Rapporten 24 timar – 34 fjordar om ny Timeekspress Kristiansand – Trondheim

Ny timeekspress Kristiansand – Trondheim – saksframlegg i Vestlandsrådet

Les brevet til Vestlandsrådet