Sauen og jerven

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

”Det er mulig at jerven har en naturlig plass i vår fauna”, seier redaktør Ansnes i leiaren i Aura Avis for eit par dagar sidan.

Resten er skrive som om at jerven bør ha seg vekk.

Sidan Ansnes bygger sin leiar på å vite noko om eine delen av saksfeltet og lite om den andre delen, vil Naturvernforbundet minne om følgjande:

Alle dyr og skapningar har ein plass i naturen, anten vi skjønar/likar det eller ikkje. Om vi menneske (som også er ein art i naturen) er så uvitande at vi ikkje skjønar samanhengen, har vi ingen rett til å fjerne nokre av dei andre av den grunn.

Jerven har i alle fall ein eigenskap som vi menneske er avhengige av. Jerven, slik som andre rovdyr, tar helst dei svakaste dyra når dei er ute på jakt. Når dei tar rein, elg, hjort og rådyr på denne måten, fjernar dei dyr som ikkje bør føre genane sine vidare. Dei foredlar viltstammen. Når vi menneske er ute på jakt, tar vi gjerne dei største og finaste dyra. Vi fjernar dei dyra med genar som gjerne skulle ha vore ført vidare. Sjølv om problema ikkje oppstår så fort, er dette like fullt eit alvorleg problem i det lange løp. Rovdyra er ekspertar på å sjå kva dyr som er svake. Vi menneske har ingen sjanse til å få til noko liknande.

Sauen er samanlikna med dei andre dyra som er nemnt, ingen stor atlet. Sauen blir lett eit bytte for rovdyra. Det er synd, men vi kan ikkje berre fjerne rovdyra av den grunn.

Så må vi finne andre måtar å gjere ting på slik at det er råd å ha eit og anna rovdyr og ein og annan sauebonde mellom oss. Å finne ut av det er ikkje berre Naturvernforbundet sitt ansvar.

Når Ansnes seier ”Det er utrygt å være sau på fjellbeite for tiden”, så må ein visst seie at det er utrygt å vere jerv også.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Kontakt fylkesleiar Øystein Folden på 91 81 25 42 for meir informasjon. Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen