Sitkagran og klimagassar
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.
Skog bind CO2, men å bruke denne påstanden ukritisk går ofte gale. Slik også når Arne Vikene i Tidens Krav 2.1.08 seier at det bør plantast meir sitkagran på kysten.
Problemet med desse påstandane er at skog er så mykje meir enn stokken som står der. Når ein undersøker nærare vil ein finne at stokk og bar utgjer ca. 10% av CO2-lagret. 35% ligg lagra i myr og kring 55% ligg i skogsjord.
Myr brukt til skogreising vil over tid tørke ut og delvis forsvinne. Forsvinningsnummeret er i stor grad i form av frigjering av CO2 som har vore bunde i torva. Myr er forstadium til brenntorv som er på veg til å bli kol. Så lenge dette får vere i fred så bind det CO2.
Både vanleg gran og sitkagran vil dessutan vere vanskeleg å hogge utan å ta heile teigen samtidig. Det blir rota opp med hogstmaskinar som gir ytterlegare opptørking og sola kjem til og får fart på nedbrytingsprosessane. Dermed blir det frigjort endå meir CO2. Skal ein først plante skog med tanke på å binde CO2, bør det vere blandingsskog som kan hoggast ved plukkhogst. Naturskogane med innslag av mykje furu og lauvskog innimellom småflekkar av myr slik vi har mange stader i Møre og Romsdal er faktisk optimal når det gjeld binding av CO2. Særleg viss vi lar trea stå lenge og at vi driv plukkhogst. Slik er det i Noreg og slik er det i tropeskogane. Hogst av regnskog for at det skal plantast eukalyptus eller palmer til oljeproduksjon er mykje den same problemstillinga.
Ei anna side ved sitkagrana er at ho spreiar seg heilt ukontrollert. Det er ein framand art og vil etter kvart spreie seg slik minken og skvallerkålen har gjort. Kystlandskapet og særleg det som er nemnt som kystlynghei er ein naturtype som nesten berre finst i Noreg. Den naturtypen blir fort borte om vi ikkje fjernar sitkagrana.
Eit miljøvennleg råd i det nye året er difor at folk bør ta med seg hanskar og kome seg ut i utmarka for å dra opp alle dei små sitkagranene som finst. Det bør alle grunneigarar kunne gje si velsigning til. Det som er større bør ein skjære ned og brenne opp i omnen.
Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen