Sitkagran og miljø

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det er ikkje gjort på ein dag å finne ut om kva skogplanting har av verknader for miljøet. Arne Vikene må få eit svar.

Når det gjeld skogen som CO2-lager er det fleire faktorar som spelar inn. Verknadene på biologisk mangfald er ei anna side, og landskapsverknad er også noko. Ei rundspørjing på Averøya og andre stader om folk vil byte opne landskap med 30 m høg skog av sitkagran vil vel gje klare svar på det siste.

Så kan vi ta dette med kva som skjer med framande artar som blir planta i nye miljø. Norsk Svarteliste utarbeidd av Artsdatabanken i 2007 fortel oss noko om det. I Tyskland har dei sett på historia til 184 framande tre for å sjå kor lenge dei var på ny stad før dei byrja spreie seg. Etter 100 år hadde ein sett resultat for 30% av artane. Etter 200 år hadde kring 80% vist kva dei dugde til. Sitkagrana blei planta langs kysten frå først på 1900-talet. Kor mykje dette treet vil spreie seg er difor framleis uvisst, men det er ein sterkt uroande tendens det vi ser alt no.

Når Vikene viser til ein del ytringar frå dagleg leiar Olav Taskjelle i Vestskog BA så er det viktig å sjå saka i rett samanheng. Taskjelle peiker på at sitkagrana er godkjent for sortering til konstruksjonsvirke. I ein situasjon der sitkagrana blir sendt til utlandet fordi ingen vil skjære slikt tømmer i Noreg seier han at vi bør bruke tømmeret her. Sjølv om Taskjelle seier dette, er ikkje det ei tilråding for å plante meir sitkagran. Det er heller eit mål å få brukt den sitkagrana vi alt har til noko. Sitkagrana manglar noko kvalitet på å eigne seg til anna material enn konstruksjonsvirke. Dessutan blir det best kvalitet av tre som er gamle og då blir mange stokkar for grove for sagbruka våre. Men du får ha takk Vikene for høvet eg fekk til ei e-postveksling med min tidlegare skogbrukslærar.

Frå fylkeslandbrukskontoret får eg opplyst at det blir planta kring 5000 sitkagran i året i vårt fylke. Ein god del av dette blir brukt til hekk og leplanting, så det er lite som blir planta med tanke på skog. Sitkagran er eit utanlandsk treslag som berre kan nyttast i nokre få høve og med mykje oppfølging, i følgje Levende Skog-standarden, kap. 18. Dei som har sitkagran på eigedomen sin har plikt til å sjå til at han ikkje spreier seg. Brot på standarden fører til at ein ikkje får seld skogen.

Så var det klimagassrekneskapen. Mykje av kystlandskapet er torv. Gamal torv liknar meir og meir på brenntorv og blir til slutt kol. Dette er naturen sin måte å samle opp CO2 på og binde det i jordskorpa slik at det ikkje utan vidare slepp ut i lufta igjen. Viss vi ved skogplanting tørker opp myrene vil denne fortorvinga bli redusert. Skal det bli nokon netto av dette må det i så fall takast opp meir CO2 i stokken enn i jorda. Dessutan må stokken då halde fram som ”stokk” etterpå, elles slepp klimagassen laus att. Når CO2-bindinga i stokk og bar er på ca. 10% og resten ligg i jorda, er det store sjansar for at planting av sitkagran heller vil gje negativ enn positiv verknad på klimagassrekneskapen.

Nye plantar av sitkagran no vil bruke fleire tiår før det blir tale om mykje volumauke i stokken. Vi bør løyse klimagassproblematikken fortare enn dette.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen