Sjøfuglane, Hareidsmyra og Venstre

Enkelte ting blir ein ikkje ferdig med så fort. Hareidsmyra og sjøfuglane bør det ikkje vere tvil om skal vare lenge, Venstre må i alle fall levere praktisk politikk viss det skal bli noko truverde i miljøspørsmål.

Hareidsmyra – Lomstjønna naturreservat som førebels er på teiknebrettet er vi difor ikkje heilt ferdige med. Venstre går inn for at myra skal nyttast til industriareal og landbruk og skuldar Naturvernforbundet for ikkje å ha sett seg inn i saka.

For Naturvernforbundet er ikkje historia om industribygging i Hareid og avtalene vesentlege i denne saka. Viss sjøfuglane ikkje respekterer dei gamle avtalene, men held fast på at dette området er spesielt verdifullt, så må det gjerast noko med avtalene og ikkje med fuglane. I fråsegna Norsk Ornitologisk Forening (NOF) har sendt til sjøfuglplana blir dette sagt om Lomstjønna-Hareidsmyra: ”Dette er i dag den mest spesielle måsefuglkolonien i Møre og Romsdal og truleg i landssamanheng. Dette fordi alle fem av dei vanlege måseartane rugar her, og dessutan har periodevis begge terneartane hekka.” NOF seier litt meir om lokaliteten også, som gjer kandidaturet endå sterkare.

Dette er det Venstre gjer til eit spørsmål om eit lokalt industriareal og tilleggsareal til landbruket. Når Gunn Berit Gjerde påpeiker at myrane allereie er grøfta og drenerte og held på å bli øydelagde som hekkeområde for sjøfugl, er det ytterlegare grunn til å bli uroa. Kanskje det då var best om noko blei gjort med desse grøftene, slik at denne øydelegginga blir stoppa i den grad dette gjeld det reduserte arealet som blei det endelege verneforslaget som blei sendt på høyring?

Industrien går så det suser og er ikkje nokon truga sektor. Bønder kan det vere verre med, men manglande areal er ikkje hovudtrugsmålet. Heiltidsbonden kan nok ha det vanskeleg, men er vel meir truga av WTO og EU enn av arealvern. Heiltidssjøfuglane er derimot jamt over i stor tilbakegang. Då er det interessant å merke seg at talet på sjøfuglar har vore aukande i området Lomstjønna-Hareidsmyra. Dette gjer denne lokaliteten endå meir verdifull. Då er det synd at Venstre går i spissen for å halde denne lokaliteten utanom verneplanen.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

telefon 91 81 25 42 Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

NOF:

Lomstjønna-Hareidmyra

Dette er i dag den mest spesielle måsefuglkolonien i Møre og Romsdal og truleg i landssamanheng. Dette fordi alle fem av dei vanlege måseartane rugar her, og dessutan har periodevis begge terneartane hekka. Dette er ikkje spesielt nemnt. Når måsekoloniane her samstundes her tiltrekning på og fungerer som eit vern for hekkande ender og vadefuglar, burde lokaliteten etter vår meining vore klassifisert høgare i verdi (2 = nasjonal betydning). I tillegg har dette vore ein vital koloni også dei seinare åra og har for fleire av artane hatt større og dels markert større bestandar enn det som går fram av omtalen. Med bakgrunn i dette må denne lokaliteten få høg prioritet i planen, men ut over det har NOF ingen spesielle merknader til avgrensing eller framlegg til vernereglar. Vi må likevel understreke at områda rundt sjølve Lomstjønna er spesielt viktige.