Skadefellingsløyve for jerv og gaupe – klage frå Naturvernforbundet

Rovviltnemnda for Midt-Noreg har gitt såkalla betinga skadefellingsløyve for og gaupe for våren 2012. Naturvernforbundet klagar på vedtaket.

Naturvernforbundet legg til grunn følgjande manglar ved vedtaket:

A. Det er ikkje tatt omsyn til at jerven i region 6 fordelar seg på to forskjellige jervestammer. Den sørvestlege jervestamma er liten. Dette fører til at yngling og felling må vurderast heilskapeleg for denne stamma.

B. I tillegg til at nml § 5 skal vurderast for jerven, så er det også nødvendig å bruke nml § 4 for å vurdere om økosystema i området kan klare seg utan dei store rovdyra, eller med det talet store rovdyr som forvaltninga legg opp til.

C. Forvaltningsplanen for gaupe legg opp til byrdefordeling som konkret tilseier at ein vil ha to ynglingar i Møre og Romsdal. Sidan dette målet ikkje er nådd, tyder det at Nord-Trøndelag må ha fleire ynglingar enn ynglemålet, og prinsippet med byrdefordeling er såleis ikkje følgd opp.

D. Når yngletalet på fylkesnivå ikkje er nådd, må ein forvalte område også utanfor yngleområdet med tanke på at ein igjen skal nå måltalet for ynglingar i yngleområdet.

Naturvernforbundet legg til grunn at det har vore såpass stor avgang av jerv i området til den sørvestlege jervestamma at det er stor usikkerheit om kor mange dyr denne stamma tel på noverande tidspunkt. Til ein har klarlagt om den sørvestlege bestanden tåler ytterlegare fellingar, må ein avgrense fellingsløyva til Nord-Trøndelag, der ein har påvist yngletal og bestand som bør tåle eit slikt uttak.

For gaupe har ein ikkje nådd fastsett ynglemål innafor yngleområdet i Møre og Romsdal, og det vil fort kunne gå under ynglemålet for Sør-Trøndelag. Også for gaupa er det berre i Nord-Trøndelag at ein har ein bestand som truleg tåler eit slikt uttak.

Vidare legg Naturvernforbundet til grunn at når ein over fleire år ser ut til å ha vanskar med å nå ynglemåla innafor fastsett yngleområde, må ta omsyn til dette ved at ein er meir restriktiv med fellingsløyve i randsonene på utsida av yngleområdet.
I tillegg til å vurdere rovviltarten sine moglegheiter til overleving på lang sikt, må ein også gjere slike vurderingar for økosystema som rovviltartane er ein naturleg del av.

Naturvernforbundet meiner at sakshandsaminga kring naturmangfaldloven i beste fall er uheldig, og at ein må vente at denne delen av sakshandsaminga må bli vesentleg betra for framtida.