Skal Naturvernforbundet vere alibi for skadeleg vegbygging?

Fylkesleiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal var med på eit møte om såkalla konseptvalutgreiing (KVU) for strekninga Bergsøya – Liabø på E39. Rapporten frå møtet ligg no føre, og Naturvernforbundet opplever denne som ei argumentsamling for å auke klimagassutsleppa på Nordmøre, utan tanke for verda vi lever i.

Folden

Naturvernforbundet har mottatt referat frå KVU-møtet som var i Angvik 12. – 13. oktober 2010. Innhaldet har fått Naturvernforbundet til å forfatte eit brev for å korrigere inntrykket av rapporten. Innhaldet i dokumentet kan med Naturvernforbundet sine auge oppsummerast slik vi er sitert på side 37: «Sett med Naturvernforbundet sine øyne ser det ikke ut som at Naturvernforbundet har vært her med sine løsninger. Det er viktig i fortsettelsen at det vises at Naturvernforbundet har vært med på verkstedet.»

Arbeidsforma legg i grunnen opp til at dette kan bli resultatet. Når forsamlinga er samansett slik som ho er vil utbyggingsinteressene vere godt representert. Dei har i stor grad betalt for å vere til stades. Dette i motsetnad til interesseorganisasjonar som talar på andre (naturen sine vegne) og som må ta seg ubetalt fri for å møte opp. Vi vil aldri vere mange. Når arbeidsforma er gruppearbeid skal naturvernsynspunkt først få tilslutnad i ei gruppe og så i forsamlinga. Då er det svært krevjande å få fram typiske standpunkt frå naturvernhald. Det meste blir jamna til i prosessen.

Naturvernforbundet trudde ideen med eit slikt prosjekt var å få fram heile breidda i argument og moment, ikkje å jamne det til som eit gjennomsnitt. Naturvernforbundet er kritiske til vegvesenet si eiga innstilling til arbeidet med miljø, og skriv m.a.: «Det er mogleg det hadde vore endå mindre spor etter tankar om naturvern og klimatiltak om vi ikkje hadde vore der. I så fall ser det generelt sett ikkje så bra ut.»