Skal rovviltnemnda ha meir makt?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Kva er oppgåva til rovviltnemnda? Dei skal forvalte rovviltet, slik at rovdyrartane skal overleve, økosystema som rovviltet er ein del av skal fungere og ulempene for landbruket skal haldast så låge som mogleg. Til denne forvaltinga har dei fått stor makt.

No ser det ut som rovviltnemnda ser det som si oppgåve å fjerne dei store rovdyra frå norsk natur. I det forsøket kan nok rovviltnemnda føle på at dei ikkje har all makt. Det er like greitt.

Rovviltnemnda sin leiar Arne Braut klagar seg over at han ikkje kan gi løyve til at jerven i Sunndalsfjella kan fellast. Arne Braut og nemnda hans har slik makt, men det er knytt nokre føresetnader for å kunne bruke denne makta. Vil ein felle jerv i område med mål om yngling, er det ein føresetnad at ein også etter jakta vil kunne nå ynglemålet. Området med mål om yngling i Møre og Romsdal skal vere stort nok til at ein kan få dei tre ynglingane som det er mål om. Men ein har ikkje klart å finne meir enn ei yngling i dette området dei siste åra. Følgjeleg manglar det to ynglingar. Når det skjer år etter år, tyder det at ein har ein jervbestand eit stykke under det som er målet. Då blir det ikkje lisensjakt, og då sit skadefellingsløyva langt inne. Stortinget har bedt om ei tydeleg soneforvalting, slik at rovdyra er prioritert i område med mål om yngling. Der skal beitenæringa tilpassast at det skal vere rovdyr. Det er betalinga for at ein i dei andre områda har prioritert beitedyra, og at fellingsløyva der sit mykje lausare, både når det gjeld lisensjakt og skadefelling.

Arne Braut, når nemnda har forvalta jervstammen slik at det blir minimum tre årlege ynglingar i Reinheimen/Sunndalsfjella, då vil nemnda ha makt til å gi lisensfellingskvote også i Sunndalsfjella. Då vil det også vere enklare for Fylkesmannen å gi skadefellingsløyve om det skulle oppstå ein skadesituasjon der ein ikkje har gode alternativ til løysing.

I rovviltnemndsmøtet 24.6. blei det opplyst at det er registrert 11 ynglingar av jerv i regionen i år, noko nestleiar Toril M. Strand sa var godt over målet. Det høyrer med til saka at det i alle tre fylka har vore hiuttak. Møre og Romsdal har registrert 2 ynglingar i år, men den eine enda med hiuttak. I Sør-Trøndelag er også målet 3 ynglingar, som blei nådd, men så blei ei yngling tatt i hiet. Såleis har ein 8 funksjonelle ynglingar i år. Då kan ein ikkje tale om godt over målet. I den grad det er noko overskot fylkesvis, så finst det i Nord-Trøndelag. Kvota som nemnda fastsette tidlegare i vår legg ikkje akkurat opp til ei forvalting som vil betre på dette. Ei kvote på 20 dyr er dobbelt så mange som det er grunnlag for, når ein tar omsyn til hiuttak og annan avgang. Reservekvota på ytterlegare 6 dyr gjer ikkje saka betre. Klaga frå Naturvernforbundet er no på veg til departementet. 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal