Skallelva i Halsa – Naturvernforbundet foreslår reduksjonar i ei eventuell utbygging
I fråsegna si til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) til planane om utbygging av Skallelva i Halsa på Nordmøre, peiker Naturvernforbundet på at ei eventuell utbygging bør unngå ei registrert fossesprøytsone. Det er også ønskjeleg å unngå overføring av sideelvane.
Generelt meiner Naturvernforbundet også at dei foreslåtte inngrepa i øvre del av området er store i forhold til den kraftmengda som vil bli produsert.