Skeisnebba og tiurleiken

Hyttefeltet i Skeisnebba med nesten 200 hyttetomter er vedtatt. Surnadal kommune vurderte konflikten med viltinteressene som akseptabel den gongen planen blei godkjent. Storfuglen var nok ikkje samd i det. Registreringar i ettertid viser at eit nøkkelområde for fuglen vil gå tapt ved full utbygging av feltet. Om vegen var lagt ein annan stad, kunne det kanskje ha gått noko betre.

Slik det er no går vegen tvers gjennom tiurleiken. Vi har ikkje mange av dei, så det er leit at denne spelplassen no er i stor fare for å bli borte. I vårt distrikt er det langt mellom tiurleikar med meir fugl.

Naturvernforbundet vil gjerne invitere til eit eksperiment i håp om å berge noko. I den viktigaste leiksesongen, ca. 15. april til 5. mai håper vi at trafikken blir minst mogleg i dette området. I denne perioden bør trimturar og anna utfart stoppe ca. 200 før vegen kryssar høgspentlina frå Ranes. Dette er aller viktigast om morgonen og kvelden. Så står det att å sjå kva verknad dette vil ha.

Elles bør dette vere ei sterk påminning både til kommune og grunneigarar. Det er viktig å ha kunnskap om biologisk mangfald på areala våre, slik at eventuelle utbyggingar og drift av eigedomar gjer minst mogleg skade. Kommunen skal denne gongen få ei heilt konkret utfordring: Har de no fått rutinar slik at ein slik glipp ikkje kan skje igjen?

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Hanne Kvitberg

Norsk Ornitologisk Forening, Surnadal/Rindal

Fylkesleiar Øystein Folden i Naturvernforbundet har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen