Skjøtsel 2015 – Vollasetra og Langbakksetra i Sunndal

Slåtten på Vollasetra og Langbakksetra har som føremål å ta vare på kulturmarka i seterlandskapet kring Vollasetra. Rapporten tek for seg kva som er gjort av skjøtsel i 2015, observasjonar som er gjort, tolkingar av det som er observert og litt om behova vidare.

Det blei i 2012 laga ein enkel skjøtselsplan for slåttemarka på Vollasetra og Langbakksetra. Denne ligg no til grunn for skjøtselen.

Denne rapporten er ein oppfølgjar av liknande rapportar frå 2011, 2012, 2013 og 2014 og byggjer delvis på desse.

Slåtten blir utført av Naturvernforbundet på oppdrag frå Verneområdestyret for Trollheimen, og etter avtale med grunneigar Ingebrikt Vollan og Kristiansund og Nordmøre Turistforening som brukar Vollasetra.