Skog eller kloster?

Fjord kommune dispenserte frå kravet om reguleringsplan og gav løyve til bygging avkloster i Valldal. Statsforvaltaren har gjort om vedtaket.

Det Hellige Patriarkalske og Stavropegiske Kloster Av De Hellige Kong Olav og Profet Elias søkte om å få bygge kloster på Syltefjellet opp for Valldal. Kommunen gav dispensasjon, Statsforvaltaren har oppheva kommunen sitt vedtak. Lova gjev ikkje høve for dispensasjon. Det høyrer med at det er særleg verdifull skog tett opp mot klostertomta. Dessutan går det fram av søknaden at tiltaket det er søkt om no berre er eit første byggesteg.

Illustrasjonen er ein skjermdump frå Statsforvaltaren sitt klagevedtak. Klaga og klagevedtaket kan du lese under.