Skog til å gå seg bort i

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Erling Rød i Sunndal FrP har tenkt å løyse klimagassproblema med å dyrke skog. Ei dobling av karbonbindinga med skog i Sunndal på 30 år kjem til å bli vanskeleg.

Noreg hadde mykje skog for nokre hundre år sidan. Denne blei tatt ut, omlag som vi låner pengar i banken. Meir skog no er ikkje innskot i banken, men tilbakebetaling av lån. Å plante meir skog no og rekne det som auka binding av CO2 er difor tvilsamt. Vi må i alle fall betale gjelda først. Difor er det heller ikkje godtatt i Kyotoregelverket at skogplanting er eit gangbart prosjekt. Men nye låneopptak i form av avskoging er det ikkje tida for no.

Alle skogeigarar veit at om dei planter gran så får dei meir kubikkmasse stokk enn om det veks opp noko anna. Svært få er klar over at mesteparten av bindinga av CO2 skjer i skogbotnen og ikkje i stokken. Det er vel difor så mange går seg vill i skogen for tida. 10% er bunde i stokk og bar, resten blir bunde i skogbotnen. Eit godt skogbruk med omsyn til CO2-binding er difor å ta godt vare på skogbotnen og sjå til at denne får bygge seg opp. Å drepe skogbotn med granskog for så å sleppe til sola for full nedbryting når grana blir hogd blir nærast det motsette.

Den delen av skogen som kanskje bygger opp nye og varige CO2-lagre er myr og torv. Noko av det beste eit aktivt skogbruk kan gjere for å samle CO2 er å reparere tidlegare grøfta myr slik at myra på nytt kan bygge seg opp. Andre tiltak er å la treet stå ein del lenger enn det som er rekna som økonomisk rett. Då byggast skogbotnen meir opp og i alle fall furustokken vil auke i kvalitet.

Elles er det eit poeng å bruke tre i varige konstruksjonar framfor t.d. betong og stål. Der tre held CO2 unna krinsløpet vil produksjon av betong og stål føre til auka utslepp av CO2.

Eit FrP som ikkje trur at klimaendringane er menneskeskapte og så rår til botemiddel som truleg gjer dette verre, er ikkje noko godt miljøalternativ.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Skog som klimatiltak

Sabima: Juks om skog som klimatiltak