Skogbruket i Møre og Romsdal utan miljøstrategi

Naturvernforbundet har store vanskar med å sjå på høyringsutkastet til ny skogbruksplan for Møre og Romsdal som anna enn eit partsinnlegg frå skogbruksnæringa i fylket. – Å definere dette som Møre og Romsdal fylke sin strategi for skogbruk vil vere heilt uforsvarleg, meiner Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i fylket.

– Vi treng ei dyktig skogbruksnæring i Møre og Romsdal, seier Folden. – Det er denne næringa som skal få fram bioenergi til husstandar og næringsbygg i regionen. Då må det ikkje vere slik at det er tvil om skogbruk og bioenergi faktisk er bra for miljøet. Med denne strategien er det gode grunnar til å stille slike spørsmål.

Naturvernforbundet trakk seg tidlegare i haust frå arbeidet med skogbruksplanen. Bakgrunnen var at Møre og Romsdal fylke la opp ein prosess der omsynet til miljøet og naturmangfaldet i fylket konsekvent blei underordna næringsinteressene. No er eit utkast sendt på avgrensa høyring og Naturvernforbundet har gitt uttale.

For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegn frå Naturvernforbundet til skogbruksplana

Utkastet til strategiplan

Unike skoger i Møre og Romsdal – rapport frå Naturvernforbundet

Unik skog på Durmålhaugen i Tingvoll