Skogdag om gran og furu

2. oktober inviterte lokallaget i Ørsta og Volda til ein totrinns skogdag i Volda. Det var godt frammøte og sterke meiningar – både på synfaringa i skogen og på temamøtet etterpå. 

Det overordna spørsmålet for arrangementet var om dagens skogbruk er berekraftig og i tråd med FN sine klimamål. Miljøorganisasjonane hevdar at skogpolitikken i Noreg må ta meir omsyn til klima og naturmangfald, og at det finst gode og økonomisk lønsame alternativ til den etablerte praksisen med flatehogst og gjenplanting av gran. Men her det store interessemotsetnader og usemje – både lokalt og nasjonalt. 

Desse problemstillingane vart først presenterte på runden i skogteigen til Magnus Vassbotn. Der fekk litt over 20 frammøtte høyre korleis han hadde valt å røkte ein skogteig som var planta med gran for 70-80 år sidan.

Skogdagen starta på Vassbotn, der 20 personar møtte opp til synfaring på skogteigen til Magnus Vassbotn.

Då han rydda området i åra etter orkanen Dagmar i 2011, valde han å trasse sterkt press frå offentlege mynde om å plante ny gran, og heller plante furu. Dette for å restaurere opphavleg terreng og biotop med furu og blandingsskog. Seinare har han gjennomført tilsvarande skifte på andre område med granskog. Målet er at heile eigedomen etter kvart skal verte så og seie fri for planta gran. 

Vassbotn viser eit eksempel på korleis ein blandingsskog ser ut – variert og med mangfald av forskjellege plantar og artar. 
Vassbotn har planta furu i staden for gran, og målet er at heile eigedomen etter kvart skal verte så og seie fri for planta gran. 
Grana er ikkje eit onde i seg sjølve, men sidan grana sprer seg raskt, har det vorte ein trussel for naturskogen i området dersom den ikkje verte regulert eller fjerna.

Fagleg opplegg og diskusjon på Tredet

Styreleiaren for Naturvernforbundet Ørsta og Volda, Torgeir Dimmen, opnar kvelden på Tredet. 

Dei fleste som var med på synfaringa i Vassbotnen deltok også på møtet på utestaden Tredet rett etter. Dit kom også ein del andre, så det var om lag 30 som fekk høyre skogrådgjevar Siri Tollefsen sitt innlegg om miljøutfordringane knytt til moderne skogsdrift og om gjeldande reguleringar og lovverk. Magnus Vassbotn fortalde også meir om bakgrunnen for sitt uvanlege – og kontroversielle – val av skogrøkt med krig mot granplantasjane.  

Siri Tollefsen, skogrådgjevar i Naturvernforbundet sentralt, fortel meir om skogen frå naturvern-perspektivet, der naturmangfaldet står sterkast. 

Desse innlegga vart følgt opp av ein frisk debatt etterpå – der nokre i forsamlinga slett ikkje var samde med Naturvernfobundet sitt syn på kva som må til for å få ei berekraftig forvalting av skogen. 

Lokallaget i Ørsta og Volda er godt nøgde med arrangementet. Opplegget med synfaring før eit oppfølgjande tema- og debattmøte fungerte godt. Å få fram konfliktane og interessemotsetnadane på dette området er berre bra, og vi fekk vonleg litt auka merksemd om kor viktig ei berekraftig forvalting av skogen er i det store klimaspelet.