Skogen, bukken og havresekken

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Skogsvegar har gjennom åra vore ein av hovudårsakene til at naturen sine urørtområde (INON) har minka mykje. No er det nytt oppsving i skogsvegbygginga. Men det er og andre sider ved skogsvegsakene, og det gjeld sakshandsaminga.

Etter nokre få skogsvegsaker har eg undra meg på om skogsvegsakene er i trygge hender:

– grunneigar eller skogbrukssjef vurderer om det er behov for veg
– skogbrukssjefen skriv søknaden ferdig til underteikning, grunneigar skriv namnet sitt.
– skogbrukssjefen planlegg vegen
– skogbrukssjefen vurderer hogstverdien av skogen (vinsten med vegbygginga)
– skogbrukssjefen hjelper til med kostnadsoverslaget for vegen
– skogbrukssjefen vurderer om kostnadsoverslaget er rett
– skogbrukssjefen vurderer om planen er god nok
– skogbrukssjefen stikker vegen i terrenget
– skogbrukssjefen vurderer om nokon skal ha saka til høyring. (Ofte er det ingen som får saka til høyring.)
– skogbrukssjefen godkjenner søknaden. Rutinemessig skal han sende vedtaket til
fylkesmannen, men ingen oppdagar det om det blir gløymt.
– skogbrukssjefen sakshandsamar eventuelle søknader om tilskot til slike prosjekt. Kan vel vere han gjer mykje av arbeidet med søknadene også.
– skogbrukssjefen hjelper til med å finne entreprenørar som kan gjere arbeidet?
– skogbrukssjefen kontrollerar etterpå om vegen er bygd på rett måte I visse høve trur eg skogetaten fungerar som byggeleiar for vegprosjekt også.

Det er ikkje alltid det er slik, men berre det at det er mogleg bør få noko til å ringe. Sjølv om det er ein grunneigar som eig skogen er ikkje det det same som at grunneigaren og skogbrukssjefen i lag kan gjere kva dei vil med han. Både naturen sjølv og friluftsinteressene har sjølvstendige krav til å få vere med når det er tale om slike inngrep som ein skogsveg kan vere. Det ville vere nyttig om dei som kjenner til nyare vegprosjekt med liten medverknad utanom grunneigar og skogbrukssjef kunne meldt dette vidare til moreromsdal@naturvern.no

Øystein Folden,

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen