Skogplanting – kva er miljøutfordringane

Ein gjennomgang av miljøargument. Det har kome opp forslag om å plante hengebjørk i Møre og Romsdal, Naturvernforbundet har nokre kommentarar til dette.

1. Plikta til å plante der det har vore skog. Plikta er klar, og det er også krav om at produksjonspotensialet skal oppretthaldast. Difor er det i utgangspunktet mest aktuelt å plante gran der det har vore gran. Men gran er eit framant treslag hos oss. Difor kan ingen påleggast å plante gran, så viss de høyrer om nokon som slit med slike krav, så har vi ei sak. Pålegget må difor reknast å ta grunnlag i skogen som sto der før grana. Det vil vel ofte vere lauvskog og furu i meir og mindre blanding.   2. Vern av skog På kort sikt er det behov for å verne 4,6% av skogen, og litt lenger sikt 10% av skogen. Det blei utgreidd for ca. 10 år sidan. Men det er nokre føresetnader. Mellom anna at den skogen som ikkje blir verna må ha ein del variasjon. Blir det tale om plantasjeskog så er 10% for lite. Vidare er det nødvendig å verne skog også på god bonitet, ikkje berre skog opp mot fjellet.   3. Kantsoner Det er grunnleggande å kunne sette igjen kantsoner. Det vil ein ikkje klare når det blir planta same treslag til same tid over eit stort område. Når det blir planta, så må det skapast lappeteppe med smålappar som skal hoggast til ulike tider.   4. Andre trugsmål Hjortedyra tar for seg av skogen. Alm slit voldsamt. Osp, selje og rogn står og på menyen. Ein del stader ser ein no nesten berre tre over 15 cm i tverrmål av desse treslaga. Og masse småspirer som bli oppete før dei når 10 cm høgde. På litt sikt vil dette føre til einsretting av skogane våre. Fur blir beita av elg og truleg hjort, og det blir knapt ein tømmerstokk av det som blir planta no. Grana vil rådyra feie basten av horna mot, og då blir dei råtne, så det er også vanskeleg. Det som blir ståande igjen er gråor og svartor der slikt finst. Vidare bjørk langt på veg, hegg og hassel. Dette må vi også ha med når vi tenkjer skog i framtida.   Det har antakeleg vore beita hardare i skogen tidlegare, men husdyra gjekk ute om sommaren, og då var innslaget av gras mykje større. Når hjortedyra står i skogen om viteren blir beitemønsteret eit anna.   5. Sjukdom Gran var ein periode ille ute pga. granbarkbille. Alm er utsett for almesjuke sørafor. Dei siste åra har deet kome ein soppsjukdom på ask som vil ta knekken på denne. Med import av mykje rart så kan ein også sjå føre seg sjukdomar som kan gå hardt utover dei andre treslaga våre. Slike sjukdomar kan ikkje stoppast om dei først har kome. Difor er det viktig å unngå monokulturar. Der ein har litt av kvart kan ein rekne med at eit eller anna vil klare seg om andre ting går ut.   6. Planteforedling Planteforedling går ofte ut på at ein vel ut tre med spesielt gunstige eigenskapar og formeirer opp desse. Då vel ein også bort andre eigenskapar, og det genetiske grunnlaget blir smalare. Bjørka viser stor variasjon og har truleg ein stor variasjon i genetikken. Det er gjerne årsaka til at treslaget er så utbreidd. Same kva som hender er det alltid nokre tre som klarar seg. Viss ein då avlar smalare, vil dette treslaget på sikt kunne bli mindre robust.   Når det no er tale om å plante hengebjørk, så er det tale om mange stader å plante eit tre som ikkje finst naturleg i området. Hengebjørk finst vel naturleg i indre delar av fylket, men ikkje utover mot kysten. Hengebjørk krysser seg med vanleg bjørk og tukler det jo litt til.   7. Granskogsfiasko med garanti? Grana datt ned i 1992 og han datt ned eller brakk i 2011. Det gjekk unna anna skog også, men i langt mindre grad. Denne grana kan i liten grad brukast til plank, då stokken har fått ein viss kløyv då dei sto i spenn. Sjølv om grana produserer 5 gonger så mykje som furu, så er det altså eit spørsmål om han er brukande. Med villare klima må vi vel rekne med at dette skjer oftare i framtida. Treslag som bles ned før dei er store nok som fullverdig virke er vel eigentleg ubrukeleg, sjølv om dei veks fort. Når ein planter gran blir dei vel ofte ståande med 2 meter avstand. Då er det 4 kvadratmeter til kvar. Når ein tenkjer seg tre som blir meir enn 20 meter høge, med fullt vindfang også om vinteren når stormane kjem tettare, og altså eit lite frimerke til å ha rota på, så seier det seg vel nesten sjølv at grana er lite eigna på store delar av Vestlandet.   8. Utarming av jorda Jordsmonnet er bygd opp sidan istida. Spørsmålet er kva som skjer med jordsmonnet når ein planter gran. Vil jordsmonnet bli «brukt opp»? Når grana har kanskje 5 ganger så stort volum som furua, kva blir henta ut av jorda? Kva skjer eigentleg kjemisk under ein granskog? Kan det tenkjast at vi kan plante 3 omlaup med gran, og så er vi såpass utarma at det er lauvtre og furu som må ta over for å bygge opp jordsmonnet på nytt? Risikoen for utarming er truleg mindre med lauvtreslag enn med gran i alle fall.