Skogsdilemma på Sæbø

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Fylkesskogssjef Harald Nymoen skal få ros frå Naturvernforbundet når han seier at orkanflata til Bernt Arve Hustad på Sæbø berre skal få gro til av seg sjølv.

Samtidig ser ein av biletet som følgjer artikkelen at det står igjen meir gran oppi skrentane.  Kva slags misjon har desse granene i framtida? Dei får jo ikkje gjort anna enn å spreie sine frø til endå meir håplause stader, i eit landskap der grana er eit framandelement. Her ligg ei kjempeutfordring. Den som planta har ofte gått over i historia, men pliktene er arva. Plikta til å fjerne framandelement på avvege, og før det er for seint. Det er ein del rik edellauvskog i Hjørundfjorden. Tvert over fjorden ligg Linderemmen med ein av dei nordlegaste lindeskogane i Noreg. Rett sør for Sæbø ligg det ein edellauvskog på Hustadnes. Dette er gode biologiske lokalitetar der skogen har fått etablere seg delvis på eiga hand og delvis i sterkt samspel med beitepåverknad og busetnad sidan istida. Det største trugsmålet mot desse rike edellauvskogane rundt om er innflytting av gran og andre framande treslag.

Når arealet til Bent Arve Hustad no ser ut som det gjer, så bør ein nytte høvet til å felle eller i det minste ringbarke den grøne grana som står igjen. Så får grana gå over i historia så smertefritt som mogleg, området blir jo ikkje meir ”utskjemd” no enn det alt er, men slike tiltak vil vere skikkeleg ugreie når såra har lukka seg ein del. Dessutan må ein rekne med å gå over området nokre gonger framover og skjære ned smågran som kjem opp, før dei blir så store at dei blir ugreie.

Skogen som no ligg som ei øydemark er vel planta på skogbruket si oppmoding i si tid, gjerne også med gode tilskot. Det var eit dårleg råd dei gav den gongen. Spørsmålet er om skogeigaren no må segle sin eigen sjø, eller om den same skogbruksetaten kan hjelpe til med å fjerne grana som ikkje burde ha vore der. Eller om skogbruket berre vil gi tilskot til nye planteprosjekt som til og mad kan vere like håplause, men på andre måtar.

Elles er det ikkje berre på Sæbø denne problemstillinga finst. Så hermed er oppmodinga gitt også til andre skogbrukarar. Fjern enkeltgraner og granbestand som ikkje kan nyttast til noko, før plikta blir for stor. Og pass gjerne på at det ikkje blir planta treslag som ikkje finst i området frå før.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal