Skogsveg i Surnadal: Naturvernforbundet krev grundigare saksbehandling

Surnadal kommune har fått ein søknad om byggjing av skogsveg ved Røstadbekken. Naturvernforbundet krev at denne søknaden blir behandla etter plan- og bygningsloven og ikkje som ein søknad etter forskrift om veier for landbruksformål.

Bakgrunnen for kravet frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er at det i denne saken er såpass mange omsyn utover det landbruksmessige at ei saksbehandling etter plan- og bygningsloven er nødvendig for å ivareta alle omsyna.

Naturvernforbundet viser til at den planlagde vegen

– ligg nært eit landskapsvernområde (Trollheimen)

– ligg innanfor hundremetersona til eit vassdrag (Røstadbekken)

– berører ein turiststi mellom Hermannhytta og Vindølbu

– går gjennom eit område regulert til hytteformål

Naturvernforbundet oppfattar heile vegsøknaden som eit forstadium til veg for hyttene i hyttegrenda, snarare enn ein skogsveg. Viss det er det som er det eigentlege føremålet, bør ein i alle fall planlegge dette i form av ein reguleringsplan.

Naturvernforbundet krev vidare at det blir gjort ordentlege kartleggingar av naturverdiane i området.