Skogsvegar fører til grøfting

Grøfting fører til meir flaum, og flaum er ikkje bra for t.d. elvemusling

Øystein Folden
Øystein Folden

Stormen Amy førte til vindfall og nye behov for skogsvegar. Naturvernforbundet prøver å følgje med slik at ein unngår meir skade enn nødvendig på naturen når nye skogsvegar skal byggast.

Vegen med namn Trongvegan vil følgje eksisterande traktorveg stort sett, men blir rusta opp til å tole vogntog. Naturvernforbundet har vore på tur og sett nærare på dette. Det fører til råd om å flytte vegen frå myr til fastgrunn på ein bit. Dessutan å restaurere litt av myra ved å tette nokre grøfter.

På biletet er det fastgrunn der det er grønt, torv der det er gras. Ved å flytte vegen til fastgrunn kan myra framleis få vere myr og halde att vatn ved mykje nedbør og bidra med lagra vatn når det er tørt.

Den største utfordringa er å passe på at nedbør har mykje myr , skog og mark å bruke tid på å passere, slik at det ikkje blir aukte flaumar i vassdraget. Det er mellom anna tidlegare påvist elvemusling i elva og den trivst dårleg med slam som kan kome med auka og raskare vassføring.

Her kan du lese fråsegna frå Naturvernforbundet i Tingvoll: