Skogsvegar og andre vegar

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det kjem mest dagleg naturvernspørsmål inn på mobilen. Godt er det, for det er vel slik vi kan få greie på ein del av det som skjer i fylket. Slik var det skogsvegsaka i Skodje starta også. Denne saka viser seg å vere innhaldsrik:

– Ein veg bygd etter landbruksvegforskrifta, men halvparten tener ikkje landbruket og må kjennast ugyldig.

– God tid mellom vedtak og bygging gjer at klageretten etter forvaltningslova blir ugrei.

– Det er berre søkjar og skogbrukssjefen som kjenner til saka. Det gjev stor makt, og makta kan misbrukast.

– Skogsfolk som tolkar kva behov friluftslivet har utan å spørje friluftslivet sine organisasjonar.

Naturvernforbundet klaga på vedtaket og viste til at saka var løynd for alle utanom søkjar og skogbrukssjefen heilt til utbygging byrja i haust. Vi krev at vedtaket for øvre halvdel av vegen blir oppheva som ugyldig, og at vegen blir tilbakeført til natur.

Då Naturvernforbundet byrja pirke i saka kom skogbrukssjefen på bana. I ein e-post seier han

”Når det gjelder friluftsinteressene står det ein trimpost der den gamle skogsvegen slutter. Med å forlenga skogsvegen vil området bli betre tilgjengeleg for fleire, noe eg har fått mange positive tilbakemeldingar på, også fra andre veganlegg.”

Her har vi altså ein talsmann for å få bygd eit vegnett slik at alle kan kome til overalt. Om det er natur ein då kan oppleve ved dette, seier han ikkje noko om. Stortinget sa jo noko om friluftslivet for få år sidan. Det enkle friluftslivet som då blei framheva er ei rettesnor som offentlege tenestemenn bør ha i bakhovudet.

Kommunen strevar nok litt med sakshandsaminga. Dei avviste klaga og viste til at Naturvernforbundet ikkje var part i saka. Det er rett, men Naturvernforbundet har rettsleg interesse i slike saker, og det er sjølvstendig grunnlag for klage. Kommunen sitt vedtak om avvising kan i alle fall klagast på, og i den saka er vi også part. Klage er sendt, sjølv om kommunen gløymde å seie noko om at vedtaket kan klagast på. Om ikkje kommunen finn ut av dette, vil nok fylkesmannen vere interessert. Dei har rett til å oppheve ugyldige vedtak. Tilhøvet mellom ei næring og offentlege tenestemenn er ei side av saka som pressa har sagt seg interessert i.

Naturvernforbundet i Rogaland har nyleg fått ei liknande sak handsama i tingretten. Tingretten går gjennom fleire interessante sider ved skogsvegane:

– Naturvernforbundet har rettsleg interesse i slike saker

– landbruksvegforskrifta er eit unntak frå plan- og bygningslova og skal berre brukast når det er klart at vilkåra er oppfylt

– Siste del av ein veg må ha eiga lønsemd og kan ikkje grunngjevast med at første del løner seg.

Det står meir om denne saka og dessutan finn du heile den interessante domen frå tingretten på /cgi-bin/naturvern/imaker?id=97604.