Skogvandring i Hovdeåsen måndag ettermiddag

Er du glad i natur, og i naturopplevingar i nærområdet? Er du i tillegg interessert i trea som veks i skogane våre? Måndag 4. juni har du sjansen til å lære meir om dette spanande temaet. Naturvernforbundet i Volda og Ørsta får besøk av ein av dei som kan aller mest om dette, Arnodd Håpnes. Han vil ta interesserte med på tur i Hovdeåsen, og undervegs vil han fortelje om dei ulike treslaga vi møter på.

Håpnes er utdanna biolog, med skog og skogsøkologi som spesialområde. Han har mange års røynsle som feltbiolog både her i landet og på Svalbard med vekt på botanisk forsking og skogøkologiske registreringar. Frå 2008 har han arbeidd som fagleiar for naturmangfald i Norges Naturvernforbund, og arbeider også med

skogpolitikk, rovdyr og verneområde.  

Han har tidlegare vore medforfattar av lærebøker i biologi, og han har vore engasjert i både internasjonal og nasjonal skogpolitikk. 

I fjor gav han ut boka: Trær i Norge, full av kunnskap om dei ulike treslaga våre. På denne kveldsturen vil han fortelje om tradisjonar knytt til dei ulike artane, og om sopp, lav og mose som vi finn i skogen. Han er kjend som ein engasjerande formidlar, og han vil truleg kunne svare på ting du har gått og lurt på. Som naturvernar vil han nok også ha meiningar om kva som trugar skogsnaturen vår.

Turen startar i uteamfiet i Ivar Aasen-tunet, og går oppover stien og vegen mot Berget. Vi gjer også ein sving nedom Hovdevatnet, eit område med fin blandingsskog. Vandringa vil vare knapt to timar. Kle deg etter veret, og gle deg til ein fin vårkveld med kunnskap, samvere og fuglesong i skogen.

Arrangementet er gratis, ope for alle, og vert arrangert av Naturvernforbundet i Ørsta og Volda. Vi vonar mange vil nytte høve til ei fin stund i skogen, med mykje ny kunnskap.

Lekkjer:

Arnodd Håpnes : kortbiografi frå lista over tilsette  i Naturvernforbundet

https://naturvernforbundet.no/sekretariatet/arnodd-hapnes-article14273-758.html

Trær i Norge : arter, kjennetegn, utbredelse  / Arnodd Håpnes ; illustrasjoner: Åshild Hansejordet* ; [foto: Arnodd Håpnes]. — Oslo : Stenersens forl. cop. 2017

ISBN  978-82-7201-629-5

https://bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com/primo-explore/fulldisplay?docid=BIBSYS_ILS71543200560002201&context=L&vid=BIBSYS&search_scope=default_scope&tab=default_tab&lang=nn_NO

(* illustratøren av boka, Åshild Hansejordet, er fødd i Ørsta og no er busett i Ålesund:

https://botanicart.no/ommeg.html     )