Skorpa er verdt å ta vare på

Kristiansund kommune har starta arbeidet med ny kommuneplan. Naturvernforbundet har gitt ei rekke innspel til arbeidet, m.a. om bevaring av Skorpa.

Naturvernforbundet har ikkje gått detaljert inn i kommuneplanspørsmåla i denne samanhengen, men ønskjer å peike på nokre spørsmål.

Næringssatsing basert på ressursar som tar slutt

Mykje av veksten i Kristiansund dei seinare åra er basert på oljenæringa. Grunnlaget for denne næringa tar slutt i løpet av eit par tiår. Dette vil krevje omstilling som like greitt kan begynne no.

Bustadbygging i Kristiansund og omlandet

Det har dei siste åra vore bygd mykje i Kristiansund. Naturvernforbundet har den seinare tida fått nokre telefonar om dette, og synspunkt på at denne bustadbygginga går på andre verdiar laus i ein grad som er urovekkande. Utbygginga er eit vekstproblem for Kristiansund.

Når vi veit at nabokommunane slit som følgje av nedgang i folketal meiner vi at stimulansar til vekst i Kristiansund kan vere uheldig totalt sett. Ein del av veksten bør kanskje skje andre stader der litt vekst kan demme opp for verknadene av folketalsnedgang.

Det er eitt poeng at det skal vere kort veg mellom bustad og arbeidsplass, men det kan altså vere rett å stimulere til vekst på stader der det er enklare å finne bustadareal. Dette kan igjen skape grunnlag for eit betre kollektivtrafikktilbod mellom næraste omlandet og byen.

Skorpa

Utbygging av Skorpa har vore omtala ei tid. Byen har få store område med mykje natur. Folkeparken merkar press frå fleire hald og har eit anna preg enn Skorpa. Områda kring Kvernberget skjer det også mykje med. Friområda er pressa og det er ein tendens til at desse områda smuldrar.

Ein slik smuldringstendens må ein unngå for Skorpa. Dette gjer ein lettast ved at utbyggingsplanane for Skorpa blir lagt bort. Skorpa ligg såpass nær byen at dette arealet gjer nytte som aktuelt friområde for store delar av busetnaden i sentrum. Delvis utbygging, t.d. av halvparten av Skorpa vil halvere friområdet, men redusere verdien av attverande friområde mykje meir enn til det halve.

Skorpa sin verdi ligg også i at arealet er såpass stort som det er, og at det er ein blanding av natur- og kulturlandskap som er lettilgjengeleg også utan særleg tilrettelegging. Sjølv om det ikkje er vårt felt, ser vi ikkje bort frå at ein by som Kristiansund bør ta vare på eit landskap som inneheld klippfiskbergan i litt større skala enn det som elles er igjen.

Trafikk

Vi veit lite om kva som vil skje på transportfronten dei neste åra. Problematikken knytt til utslepp av klimagassar må føre til endringar. I ei slik tid meiner vi det er uklokt å bruke gamalt prognoseverktøy som peiker på firefeltsvegar o.l. Medan vi får ein del avklaringar bør byen satse kraftig på kollektivtrafikk. Eit godt busstilbod vil gjere omlandet meir attraktivt, det vil bli enklare både for yngre og eldre som følgje av at tilbodet aukar. Lufta vil bli reinare. For dei som må køyre vil det bli mindre kø og kampen om parkeringsplassane kan bli noko enklare. Skjønt det siste er og ei sak: Det bør ikkje vere fleire parkeringsplassar i byen enn at folk flest heller vil bruke bussen.

Utvidinga av flyplassen er også eit steg i feil retning. Det er lite som tyder på at vekst i flytrafikken vil vere eit positivt trekk i framtida. Alternative arbeidsmåtar som krev mindre reising bør stimulerast, og i alle fall ein del reiser bør skje på andre måtar som er miljømessig betre.

Elles er det viktig at tilhøva er gode for syklande og gåande. Dette fører til mindre bruk av bil og til betre helse.

Havstiging

IPPC sine prognosar fortel om at havet vil stige og at vertilhøva vil forsterke dette ytterlegare. Bygg og anlegg som i dag ligg lågt over havet vil i framtida oftare bli skadd av overvatn. Dette krev ei merksemd i samfunnsutviklinga.

Førebyggande tiltak

Menneske i Noreg og Kristiansund brukar såpass mykje av jorda sine ressursar at det ikkje er nok til alle om resten av verda skal gjere som oss. Det er eit problem som vi må gjere noko med. Både forbruk og avfall/utslepp må reduserast, og ein kommuneplan må gå inn i dette slik at han stimulerar til reduksjon og betre løysingar på område som påverkar negativt. T.d. bør det vurderast bruk av fjernvarme både i eksisterande utbyggingsområde og ikkje minst nye byggeområde. Kristiansund har i alle fall sjøvarme som kan gje grunnlag for varmepumpeteknologi utan store ulemper mange stader. Temperaturen i havet har vore stigande, slik at det vil vere berre bra å ta ut litt varme frå havet.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Les uttalen frå Naturvernforbundet til Kristiansund kommune