Skuffa

Lesarinnlegg til Nytt i Uka.

Skuffa

Eg er skuffa over kva redaktøren i Nytt i uka får seg til å skrive om klimapolitikk i leiaren sin 7. mars. Sjølvsagt er eg ikkje alltid samd i det redaktøren skriv i leiarane sine. Det som er bra er likevel at redaktøren nesten alltid gir støtte til dei svakaste, mot makta. Men sist veke var det slutt.

Redaktøren kallar kunnskapen om dei menneskeskapte klimaendringane for ein ideologi. Eksempla redaktøren nyttar viser at han ikkje har tatt seg bryet med å sjekke elementære fakta om kva klimapanelet til FN er og kva dei har lagt fram.

Det som er det verkelege ideologiske problemet med dei menneskeskapte klimaendringane er at dei som blir hardast råka av desse nettopp er dei svakaste av dei svake i verda. Dei som blir hardast råka er dei som ikkje har ressursar til å flytte, byggje demningar eller skaffe seg rassikringsvarsling. Dei bur riktignok ikkje innanfor dekningsområdet til Nytt i uka, men solidariteten til redaktøren stoppar vel ikkje i Stigedalen eller på Ørskogfjellet?

Øystein Solevåg

Naturvernforbundet

Lederen i Nytt i uka