Skyt meir hjort i Sunndal!

Naturvernforbundet krev i ei fråsegn til forvaltningaplana for hjortevilt i Sunndal kommune at det blir gjort fleire undersøkingar av beitepresset frå hjort på mellom anna alm, osp og rogn i aktuelle delar av kommunen, og at hjorteviltet blir forvalta i retning ein snarleg reduksjon i alle område der det ikkje er klarlagt at nemnte treslag foryngar seg normalt.

Naturvernforbundet kjem med bakgrunn i eigne observasjonar med innspel til forvaltningsplan for hjortevilt. Naturvernforbundet registrerer no at beitetrykket av hjorteviltbestanden er såpass omfattande at det har verknad for det biologiske mangfaldet i Sunndal.

Vi har gjort observasjonar i lia nordaust for Mulvikknuken no i april 2011. Der er blåbærlyngen hardt beita på større område. Vidare er det betydelege gnageskader på alm. På almen i området finst det også eldre gnageskader. Eit par vintre til med liknande gnageskader vil føre til at alma vil døy i stor grad. Det er elles knapt ei alm, osp eller rogn i ung alder å sjå. Det tyder at beitepresset har vore der i alle fall eit tiår. Vi har grunn til å tru at situasjonen liknar også ein del andre stader i Sunndal.

Den vanlege dynamikken i skog med alm er at ein har alle aldrar alm samtidig. Frå nokre tiår tilbake var det også alminneleg å styve alma, og ein del av dei gamle styva almene er i dag bustad for ei rad artar av lav, sopp og insekt. Felles for mange av desse er at dei står på raudlista. Manglande styving i nyare tid er alt med på å utarme alma som bustad for nemnte artar. Verknaden av auka beite frå hjorteviltet forsterkar dette.

Så lenge det ikkje ligg føre konkrete undersøkingar i dei einskilde områda, må eit føre var-omsyn ut frå lovverket tilseie at bestanden av hjort og truleg også rådyr må reduserast ganske mykje. Jo større uvisse det er på dette punktet, jo lågare må bestanden vere.

Viss nedbeitinga held fram, må ein vente at hjorteviltbestanden må reduserast endå meir for at resten av naturen skal få høve til å ta seg inn igjen. Ein for liten reduksjon vil føre til eit behov for ein vesentleg kraftigare reduksjon seinare.