Slåttedagar på Vollasetra

Naturvernforbundet arrangerer slåtteskjøtsel på Vollasetra og Langbakksetra.

Dei som vil vere med heile helga går opp fredag og blir til utpå søndagen, men det går også an å vere med ein del av helga.

Det er arbeid med ljå, rive, greinsaks og anna småreiskap som finst på setra. Kan ein gå opp til Vollasetra, får ein også til å vere med på slåtten. Det er også høve til å gå tur i området.

Dei som deltar i slåtten får dekt kost og losji (KNT-hytte Vollasetra).

Vil ein reise kollektivt så langt som råd, kan ein ta buss frå Kristiansund eller Oppdal og gå av ved Liahjell bru. Derfrå er det 1 km grusveg før stien opp til Vollasetra.

For nærare informasjon og påmelding, ta kontakt med Øystein Folden,
tlf. 918 12 542