Slåttedugnad for bevaring av naturmangfald

21. august i år stilte Naturvernforbundet opp til slåttedugnad på Barstad i Follestaddalen i Ørsta. Dei aktuelle lokalitetane var ei «slåttemark» og delar av ei «naturbeitemark» som har særleg artsrik vegetasjon.

Dette er areal som har oppretthalde eit særeleg artsrikt mangfald av plantar over lang tid grunna ekstensiv drift med slåing og raking, eller beiting utan tilføring av gjødsel. Begge plassar finn vi t.d. raudlistearten solblom, som er ein karakterart på slike areal og områda er prioritert til å vere av nasjonal verdi (A-område). Fleire av dei alt få gjenværande artsrike slåttengane i kommunen står no i fare for å gro igjen og/eller er truga av fysiske inngrep. Naturvernforbundet i god dialog med grunneigar gjennomførte såleis dugnaden for å ivareta og prøve å fremje artsmangfaldet på lokalitetane.

Naturvernforbundet arrangerer denne typen slåttedugnader over heile landet, dei er opne for alle som vil vere med og ta eit tak for å redde naturmangfaldet. Kjekt er det også. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Rapport: Naturtypar i Ørsta

Frå slåttedugnad på Barstad i august 2008.

Frå slåttedugnad på Barstad i august 2008.

Frå slåttedugnad på Barstad i august 2008.

Frå slåttedugnad på Barstad i august 2008.

Frå slåttedugnad på Barstad i august 2008.

Frå slåttedugnad på Barstad i august 2008.

Frå slåttedugnad på Barstad