Slåttehelg i Rauma

18. til 20. august 2023 er det slåttehelg på Vermedalssætran. Der kan du vere med viss du har lyst til å oppleve slått i seterlandskapet i Romsdalen.

Seter, slått

Naturvernforbundet har fått i oppdrag å slå nokre område på setervollane ved Vermedalssætran i Romsdalen. Det gjer vi med ei helg der vi samlast til slåttonn og sosialt samvere i eit flott landskap.

Grunnen til å vere med kan vere så mang slags. Har du hatt lyst til å slå med ljå, men må lære det først, så er du kvalifisert. Det er du også om du er vant med ljåbruk. Har du lyst til å lære litt meir om planter og sopp på ein setervoll, så har du sjansen. Har du lyst til å oppleve fellesskap med andre, så kan du bidra til det ved å vere med. Har du ikkje ljå, så kan du låne. Det finst elles oppgåver ein ikkje treng ljå til også.

Arrangementet startar fredag ettermiddag og avsluttast søndag ettermiddag. Naturvernforbundet dekker kostnad til overnatting og ein del mat. Reisa må du dekke/ordne med sjølv, anten ved at du kjem til setra sjølv, eller blir henta ved hovudvegen i Verma. Så langt råd ordnar vi samarbeid for dei som kjem same veg.

Vi bur i seterhus, eventuelt telt på vollen.

Vi må ha påmelding til Øystein Folden, tlf. 918 12 542 innan måndag 14.8. Det er avgrensa med plass, så det kan bli fullt før fristen. Nærare opplysningar får du på same telefonnummeret.