Slåttehelg

Slåttefellesskap i Romsdalsfjella – noko for deg?

I Vermedalen ligg det eit landskap som treng stell. Lang tid utan setring gjer at setervollane held på å bli natur igjen. Med Naturvernforbundet si hjelp vil nokre av setervollane framleis sjå ut som setervollar, og det kan du vere med på.

16. – 18. august 2024 blir det slåttehelg. Det er då plass til 8-12 personar som slår areal på to setre. Det er plass både for nybegynnarar og folk som er vante med slått. Det vil bli opplæring i bruk av slåttereiskap og stell av reiskap. Det blir også ein nærare titt på planter og sopp som liker seg i slåttemark. Ikkje minst blir det sosialt samvere. Det vil vere noko å gjere på for liten og stor.

Du betalar ikkje noko for opphaldet, men du kjem deg til Bjorli (tog) eller Verma (buss), eventuelt bil sjølv. Reiskap kan du låne viss du ikkje har.

Det er avgrensa tal deltakarar. Opplysningar om arrangementet og påmelding: Øystein Folden, tlf. 91812542/moreogromsdal@naturvernforbundet.no