Småvoll – undersøkingar

Epost til Sweco Grøner som står for konsekvensutgreiinga for Småvoll kraftverk.

Då vi var i området ved Vollasetra i haust fann vi ein plass i øvre delen av fossane der det var både fosserøyk, nordvendt med skugge og kalkplanter. Sidan vi ikkje hadde med oss sikringsutstyr var det avgrensa kva vi kunne undersøke nærare. Dessutan strekk ikkje kunnskapen langt nok til å vurdere eventuelle funn innan lav og mosar, og dei fleste godbitane innan karplanter har vi jo heller ikkje kjennskap til som noko anna enn at dette har vi ikkje sett før.   Staden går fram av det eine biletet (lokaliteen er rett bakom der vi sit), og det mørke biletet er tatt frå kanten og ned i veggen. Biletet dokumenterer noko kalkvegetasjon.   Vår vurdering er at dette området lett kan bli påverka av endra vassføring og medfølgjande mindre fosserøyk. Når dette med manglande soleksponering er til stades og det er planter som indikerar kalk, då er mange føresetnader til stades for at det kan vere meir. Denne lokaliteten tykkjer vi det må vere viktig å ha kartlagt viss ein skal kunne seie noko om verknaden av redusert vassføring.   Difor ville vi gjerne visst meir om denne lokaliteten viss det er samla dokumentasjon, eller opplysningar viss det ikkje er samla dokumentasjon.     Vi såg jo elles i dette området frå brua og nesten opp til damstaden stadig planter som indikerar kalk, stadvis ein handfull artar same staden. Nokre stader i kalksig, andre stader nærare knytt til berggrunnen direkte.     I området mellom Erga og Kråka på same høgda fann vi elles artar som overraskar oss med omsyn til høgde. Liljekonvall td.som ikkje er sjeldan bruker vi ikkje å møte på nærare 900 moh.   Med helsing     Øystein Folden Naturvernforbundet i Møre og Romsdal