Smisetfossen skal renne fritt
NEAS søkte NVE om å få bygge kraftstasjon i Smisetfossen i Ålvundelva i Sunndal. No har NVE sagt nei.
Med eit prosjekt der det var lagt opp til at over 70% av vatnet skulle gå i røyr i staden for i fossen, måtte NVE seie nei til utbyggingsprosjektet NEAS søkte om. Ålvundelva er eit verna vassdrag. Det er på ingen måte urørt. Påverkinga av mellom anna landbruk er betydeleg. Det er også kraftverk og regulerte vatn, men det som er igjen skal forvaltast slik at elva ikkje misser sin eigenart i større grad enn i dag.
Resultatet er i alle fall at den einaste fossen som ikkje er utbygd allereie mellom Nerdalen og fjorden skal få renne utan fleire inngrep.