Snøbrøyting og ureining

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Så er snømåkinga i gang. Oftast hamnar snøen i kanten langs vegen, og der blir snøen til sola har tint det heile. Dermed blir ureining som er med snøen liggande i vegkanten. Då er mykje av ureininga nær ved der årsaka til ureininga er.

Verre er det med snø som blir køyrt bort. I Surnadal har dei tidlegare tippa snø i eit naturreservat, heilt til Fylkesmannen reagerte. I Molde tar maskinane med seg både snø, skit og brøytestikke og det heile blir køyrt bort med lastebilar som tipper alt saman på havet. Andre kommunar har litt forskjellig praksis.

Alle som har titta litt nærare etter der det har smelta bort ein snøhaug med opphav i gater og plassar veit at det som blir liggande igjen er langt frå reint. I snø som har vore der ei stund før bortkøyring, vil det vere vegsalt, sand, asfaltfragment og mikroplast frå bildekk. I tillegg kjem brøytestikke og alt mogleg som har eit lag med å ramle ut av bilvindauge og bukselommer.

Det er ikkje så ofte lenger folk stiller seg opp på kaikanten og hiver avfallet på havet. Viss nokon blir sett når dei gjer slikt, er vegen kort til å få ei merksemd frå politiet. Avfall skal til avfallsmottak, og andre utslepp blir reinsa og får ei vurdering når det gjeld utsleppsløyve.

Men entreprenørane som tipper snølassa frå kaia, kva med dei? Det er på tide at desse ordningane blir vurderte, slik at berre rein snø blir tippa på havet. Resten skal takast forsvarleg hand om. Fylkesmannen har mynde på dette området.

 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal