Snøproduksjon mot klimaendringar?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Ordføraren i Surnadal vurderer å skaffe snøkanonanlegg for å sikre at det blir laga snø til skianlegget på Nordmarka, fortel avisa Driva. Som alternativ kan det vere aktuelt å produsere snøen i slalåmbakken og frakte han til Nordmarka.

Viss det er menneskeskapte klimaendringar som er årsaka til tørrare vintre og våtare somrar, bør ein då heie på slike endringar med ytterlegare tiltak i form av energibruk og anna, eller bør ein kanskje setje inn tiltak for å redusere faren for menneskeskapte klimaendringar?

Det er Naturvernforbundet som spør, og dei andre kommunane kan jo gjerne ta ein liten sjekk av sine klimaplanar for å sjå etter at det blir gjort ein jobb med dette viktige spørsmålet. Der trengst det nok mykje innsats og stor kreativitet.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal